Dei siste vekene har vore særs positive for Island Offshore som har sikra seg fleire viktige kontrakter. Mannskapa om bord i Island Spirit, Island Crusader, Island Crown og Island Endeavour har no jobb å sjå fram i, og Island Offshore kan ta fire båtar ut av opplag.

– Med dette ser vi over 300 mann tilbake i arbeid, og det er lite som gledar meg meir! Å sjå fartøya gå frå kai, eitt etter eitt er ei fantastisk kjensle etter ein slik vinter, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Håvard Ulstein.

Island Spirit har signert kontrakt med Oceaneering for ROV surveyarbeid på dansk og engelsk sektor, og har forlete opplagskaia på Haddal. Oppdraget har ei varigheit på om lag fire månader for sluttkunden GeoSea, og Island Spirit gjekk på for Oceaneering 15. februar i Harwich, UK.

Etter fleire månader til kai i Hjørungavåg er også Island Crusader klar til å returnere på jobb i byrjinga på mars. Eit større oljeselskap har sikra seg båt, og såg med stor interesse på Island Crusader som har framdriftssystem på gass. Båten skal fungere som forsyningsskip i Nordsjøen, og varigheita på kontrakta er om lag 1,5 år.

Også Island Crown går ut av sesongopplag i mars, og har sikra seg 20-30 dagars arbeid.  Jobben inneber walk-to-work, samt ROV Diving Sonar Installation på Norsea One Offshore Windfarm.

Island Endeavour er det fartøyet som har ligge lengst til kai av desse fire, og kan no glede seg over eit års arbeid i Den Helder, Nederland. Her går også Island Empress som nyleg fekk forlenga kontrakta si med eit år. Dei to fartøya er engasjerte av logistikkselskapet Peterson, og er ein del av ein pool av supplyfartøy, SNS Pool, med base i Den Helder.

 Om ikkje dette er starten på oppturen i næringa, så er det i alle fall ein kjempeopptur for oss som rederi! Det å kunne få folka sine i arbeid att, få fartøya i drift og ikkje minst tene pengar igjen er avgjerande for den vidare drifta vår og ein kjempemotivasjon for alle våre tilsette. Det er også ei fjør i hatten for oss, og ikkje minst miljøet, at Island Crusader vart vald framfor andre fartøy på grunn av gassdrifta, seier Ulstein.

I tillegg har Lundin erklært nok ein brønn for det gassdrivne søsterskipet Island Contender noko som gir fartøyet arbeid godt inn i 2017. Også Ocean Intervention III i Angola har fått forlenga kontrakta si med Oceaneering med to månedar no på nyåret, og diskusjonar om vidare forlenging er på gong.

I mars startar også mobiliseringa av dei to store brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier som har ligge i vinteropplag sidan oktober i fjor. Dei tek til på sine 200 kontraktsfesta dagar for Statoil i april.

Forrige artikkel– Airbus har gjort nye funn i Turøy-helikopteret
Neste artikkelAGR vinner oppdrag for Wintershall

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR