Plattform forsyningsfartøyet Island Champion har sikra seg ei to-års kontrakt for ASCO Marine Limited, med oppstart i dag. Pressemelding fra Island Offshore Management AS

  • Denne to-års kontrakta er vi verkeleg glade for å ha fått i hamn. Marknaden for PSVar er framleis svært utfordrande, og difor gjer det ekstra godt å ha sikra arbeid for mannskap og fartøy i to år framover, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.

Island Champion skal operere ut frå Aberdeen, der ASCO har teke over logistikken for Chevron/Team Marine, og med denne nye kontrakta kan Island Champion dermed halde fram med å forsyne same installasjonen som den har gjort sidan båten var ny.

Les også: UK-jobb til Island Offshore – Petro.no

Island Champion sitt mannskap set sikkerheit i høgsetet og utmerkar seg med omlag 3300 dagar utan skadefråver (Lost Time Incidents). Vi ser at oljeselskapa fokuserar sterkt på HMS i valet av båtar, og vi er stolte av å kunne presentere slike tal som Island Champion leverer. Dette overgår standarden i bransjen, seier Ulstein.

Island Champion er av typen UT 776 E, og vart levert frå det som no er Vard Brevik i 2007.

Nyhetsbrev fra Petro.no

Forrige artikkelAker Solutions med Lundin-kontrakt
Neste artikkelCastberg blir fire milliarder kroner billigere

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR