Av Thomas Førde (tekst og foto)

Verftet i Haugesund skal byggja om det aldrande tankskipet for 1,3 milliardar kroner slik at det kan mellomlagra olje på Njord-feltet fram til 2040. På det meste vil prosjektet gi arbeid for 600 personar hos Aibel.

– Denne jobben passar som hand i hanske for oss, mellom dei to store byggeprosjekta til Johan Sverdrup-feltet, seier nestleiar i verkstadklubben, Trond Skre, som tar oss med langs tørrdokken kor tankskipet har fått sin plass for det neste halve året.

Tankskipet blei spylt på utsida og tilkomst til alle arbeidsområda blei sikra, før Aibel kunne starta på hovedarbeidet. Det omfattar ein del klargjering til installasjon samt overflatebehandling av tankar og skrog. I tillegg skal mellom anna utstyr som reduserer skadeleg utslepp (VOC-anlegg) til luft installerast om bord.

Stor og viktig kontrakt
– Dette er ein stor og viktig kontrakt for Aibel, seier prosjektleiar Håkon Falnes. Han legg til at prosjektet har stor breidde. – Me får bruk for vår omfattande offshorekompetanse og for vår skipstekniske kompetanse, seier Falnes, som viser til at Aibel har erfaring med liknande oppdrag på flytande produksjonsskip og lagerskip, som BP sitt Glen Lyon og Teekays Petrojarl 1.

Falnes legg til at Njord Bravo er «ei gamal dame», men er i bra stand og har vore godt halden. I tillegg til overflatebehandling som maling av og sjekk av innvendige lagertankar og ballasttankar, skal Aibel montera inn mykje nytt utstyr og. Noko av det nye utstyret skal verftet produsera sjølv. – Dessutan skal inventar i bysse og i hotellkvarteret bytast ut, seier prosjektleiar Håkon Falens.

Ferdig i 2020
Njord Bravo skal være klart våren 2020. Kontrakten gir også Aibel mogelegheit for arbeid og hook-up på feltet. Etter planen skal Njord Bravo flyttast ut av dokken og til riggkaien hos Aibel tidleg i 2019.

Her skal Aibel gjera ferdig arbeidet før skipet skal leverast til Equinor for oppkopling på feltet i løpet av våren 2020.

Var på feltet sidan 1997
Tankskipet låg fortøya på Njord-feltet i Norskehavet frå 1997 til 2016. Då blei skipet taua til land og lagt ved kai hos Sterkoder Mekaniske i Kristiansund. Omlag samtidig blei produksjonsplattforma på Njord-feltet taua inn til Kværner sitt verft på Stord, kor plattforma skal gjennom ein «total makeover» for å kunne starta ein ny epoke med 20 år i produksjon på Njord-feltet.

Medan Njord Bravo låg ved kai i Kristiansund blei det og gjort noko arbeid. Mellom anna blei ein del utstyr demontert og overhalt. I følgje Equinor sine nettsider blei kontraktar for om lag 80 millionar kroner tildelt leverandørar i Kristiansund-regionen.

Lagerskipet er ein såkalla FSO (floating, storage and offloading). Skipet er utan eige framdriftsmaskineri og er bygd for å mellomlagra olje. Njord Bravo blei tidlegare i denne månaden slept frå Kristiansund til Aibel sitt verft i Haugesund.

Etter planlagt klargjering i Haugesund, starta operasjonen med å taua skipet inn i dokk. Mange hjelparar måtte trø til. Småbåtar i front, som heldt posisjonen, taubåter på sidene og bak, samt ein stor vinsj som drog skipet inn i dokk.

Investerer 20 milliardar
Statoil meldte for eit års tid sidan at dei vil bruke i alt 20 milliardar kroner på å forlengja levetida til Njord og Hyme, og kopla til det nye feltet Bauge i Norskehavet. I desember blei det dessutan klart at Fenja, tidlegare kjent som Pil og Bue, også skal knytast opp til Njord.

Statoil opplyste i juni i fjor at attverande ressursar på Njord og Hyme-felta utgjer 175 millionar fat oljeekvivalentar. Dette tilsvarar like store reservar som alt er produsert på Njord-feltet sidan starten i 1997. I tillegg kjem 73 millionar fat oljeekvivalentar på Bauge og 100 millionar fat olje frå Fenja.

Partnarar i Njord-feltet: DEA Norge AS 50%, Statoil (operatør) 20%, Neptune Energy 20%, Faroe Petroleum 7,5% og VNG Norge AS 2,5%.

Partnarar i Bauge-feltet: Statoil (operatør) 35%, DEA Norge AS 27,5%, Point Resources AS 17,5%, Neptune Energy 10%, Faroe Petroleum Norge AS 7,5%, VNG Norge AS 2,5%.

Forrige artikkelAker Solutions leverer solid resultat
Neste artikkelSeabird kjøper skip

Warning: A non-numeric value encountered in /kunder/trfn_2131/petro_3570/public/wp-content/themes/Newspaper/includes/wp_booster/td_block.php on line 352

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR