Byggeboom hos Kværner på Stord
Thomas Førde
7. november 2019
Byggeboom hos Kværner på Stord
Thomas Førde
7. november 2019

Det er fleire år sidan Kværner på Stord hadde så mange i arbeid innafor verftsportane. 3100 personar arbeider nå med ymse delprosjekt til Johan Sverdrup fase 2, Johan Castberg og Njord.

I tillegg har verftet på Stord fått eit gjennombrot i havvindmarknaden og skal snart gå i gang med bygging av 11 betongfundament til dei flytande vindmøllene som skal installerast i Tampen-området.

For å kunne tilby overnatting til rundt 1500 tilreisande arbeidsfolk som deltar i den hektiske byggeaktiviteten, måtte Kværner få sett opp ein ny brakkeleir på næringsområdet Heiane. Her skal det bli plass til mellom 300 og 400. I mellomtida må nokre bu på hotell i nærleiken medan mange pendlar om lag seks mil kvar veg til brakkeriggar hos Westcon i Ølensvåg. Kværner sin eigen brakkeleir på verftsområdet gir buplass til omlag 1000.

–Ved verftet har me hatt arbeidstoppar tidlegare som har gjort det nødvendig å henta inn minst like mykje arbeidskraft, seier Kværner sin informasjonssjef på Stord, Odd Naustdal. Men han legg til at det er nokre år sidan førre arbeidstopp som likna på denne.

Den høge aktiviteten vil vara i om lag eit halvt år framover. Parallelt med alle dei store prosjekta er Kværner også inne i ei hektisk tid også når det gjeld å utarbeida nye tilbod som kan gi oss nye arbeidsoppgåver. Innan havvindmarknaden har dei nyleg fått stor utteljing gjennom milliardkontrakten med Equinor.

Njord på topp

Eit av dei tre store og særs arbeidskrevjande prosjekta som Kværner på Stord nå held på med for fullt, er ombygginga av produksjonsplattforma til Njord. I dette prosjektet er nå bemanninga på topp.

– Me har gjennomført fabrikasjon og innløfting av alle dei store seksjonane på Njord A-plattforma. Nå er me så vidt komne i gang med ferdigstilling og  toppbemanninga i Njord-prosjektet vil vara gjennom store delar av vinteren. Kværner skal overlevera den totalt ombygde Njord A-flytaren til sommaren neste år.

Siste delen av mudringsarbeidet pågår nå før bygginga av den nye utrustingskaia hos Kværner på
Stord. (Foto: Thomas Førde)

Johan Castberg får ny kai

Johan Castberg-feltet i Barentshavet skal og utrustast med ein installasjon som Kværner sine folk på Stord skal gjera ferdig. Skroget saman med bustaddelen og mykje anna utsyr til produksjonsskipet (FPSO) på Johan Castberg-feltet blir bygd i Singapore. Men Kværner på Stord skal setja saman og ferdigstilla heile puslespelet. Skipet er ventande til Stord hausten 2020. Då skal skipet leggjast ved den nye utrustingskaien som nå under bygging.

Ved verftet er det nå i full gong med produksjon av utstyrsmodular til Johan Castberg. I alt skal 16000 tonn med modular installerast medan skipet ligg ved kai på Stord. I tillegg til produksjonen på Stord og ved Kværner skitt verft i Verdal, blir modular dessutan bygde ved Aker Solutions sine verft i Egersund og i Sandnessjøen. Nokre modular blir også produsert i Polen.

Arbeidet med den nye utrustingskaien til 370 millionar kroner skal vera ferdig våren 2020.

Johan Sverdrup, Valhall og Miller

Ved sida av desse to gigantprosjekta, arbeider Kværner på Stord og med produksjon av ein tilleggsmodul til fase 2 av Johan Sverdrup-utbygginga. Tilleggsmodulen på rundt 5000 tonn skal installerast på stigerøyrsplattforma som kom på plass i havet under bygginga av fase ein på Johan Sverdrup -feltet.

Som om dette ikkje skulle vera nok oppgåver, har Kværner på Stord ei særs omfattande verksemd med demontering av utrangerte olje- og gassinstallasjonar. For tida er demonterings- og opphoggingsverksemda oppteken med å partera og gjenvinna installasjonar frå Valhall-feltet og frå Miller-feltet på britisk del av Nordsjøen.

Arbeidskraft

– Korleis har det vore å få tak i så mange ekstra arbeidsfolk?

– Nå ser det ut til at me har greidd å finna dei fagfolka som me treng. Dei aller fleste innleigde kjem frå Polen, seier informasjonssjef Naustdal. Han seier vidare at det har vore til dels utfordrande å skaffa dei rette fagfolka.

– Polsk arbeidskraft er etterspurt i heile Europa, så både hos underleverandørane våre i Polen og her i Noreg har det vore litt meir krevjande enn tidlegare. Men heldigvis ser det ut til at mange ønskjer å jobba for Kværner, seier Naustdal.

Ein ny brakkeleir med mellom 300 og 400 sengeplassar er nå under oppføring på næringsområdet
Heiane. (Foto: Thomas Førde)

Nye satsingsområde

Sjølv om aktiviteten vil vera på topp i mange månader framover, ser Kværner-leiinga mykje lenger fram.

Naustdal viser til at Kværner har klare ambisjonar om vekst og vil auka omsetnaden med 40 prosent i høve til rekneskapstala for 2018.

Strategien i konsernet er å satsa innafor tre hovudområde. I tillegg til bygging av store modular og dekkskonstruksjonar (toppside) er FPSO-ar eit satsingsområde. Den nye kaien ved verftet på Stord blir skreddarsydd for slike oppgåver.

I tillegg satsar Kværner på fornybart, og jobbar med å skaffa seg oppdrag innan vindkraftmarknaden til havs.

– Kværner kan levera ulike produkt til havvind, mellom anna transformatorplattformer og understell i betong eller i stål i tillegg til at me har brei røynsle med marine operasjonar som krevst ved installasjonar til havs, seier Naustdal.

Kværner på Stord har i dag 1650 fast tilsette. Hittil i år har verksemda tilsett mellom 120 og 130 nye medarbeidarar. Inkludert i desse tala er 31 nye lærlingar.