Hotell tar fatt på tre vekers sjøreise
Thomas Førde
8. november 2019
Hotellbygget er sveisa fast til dekket før den lange sjøreisa til Brasil kan starta. (Foto: Jarle Haugen, Leirvik AS)
Hotell tar fatt på tre vekers sjøreise
Thomas Førde
8. november 2019

Offshorehotellet som blei bygd på Stord er nå undervegs over havet til Brasil.

Sjøreisa frå Stord til Brasil er stipulert til å ta 22 dagar. Planen er at tungløftskipet Bigroll Beaufort med Peregrino-hotellet på dekk, først skal segla sørover til Kanariøyane og deretter bøya av vestover i retning Brasil.

Vel framme på Peregrino-feltet, kor Equinor er operatør, skal bustadkvarteret som veg nær 1500 tonn, løftast på plass på dekkonstruksjonen. Det er verdas største tungløftfartøy, Sleipnir, som skal gjennomføra løftet.

Bigroll Beaufort som er 173 meter langt og 42 meter bredt og seglar under nederlandsk flagg, kom til Stord 25. oktober for å gjera klart til innlasting av Peregrino-hotellet. Men før hotellet kunne takast om bord, måtte fleire støttepunkt sveisast fast i dekket. Deretter blei vogner (multiwheeler) køyrd inn under bustadkvarteret på kaia hos Leirvik AS og etterpå trilla over landgangen.

400 millionar

Torsdag 7. november kl. 10.00 kasta skipet loss frå kaia hos Leirvik AS. Peregrino-hotellet med 60 lugarar og i alt 120 senger, er det første offshorehotellet i aluminium som blir levert frå Leirvik på Stord til bruk i utanlandsk farvatn. 

Byggekontrakten inneheldt ein totalpris på om lag 400 millionar kroner og gav på det meste arbeid til nær 300 personar hos Leirvik AS.

Leirvik AS er offshorehotellspesialisten framfor nokon og har levert bustadkvarter til olje- og gassindustrien sidan 1975. Det siste store prosjektet som dei gjennomførte før Peregrino-hotellet, var bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Dette var eit gigantprosjekt ettersom hotellet skulle ha 560 lugarar og eit golvareal på 14500 kvadratmeter. Til samanlikning har Brasil-hotellet 2656 kvadratmeter golvflate.

Arbeid til alle

– Kva skal Leirvik AS ta fatt på etter dette?

– Me har levert inn tilbod på bygging av nye mindre bustadkvarter, men har førebels ingen nye slike kontraktar som er underteikna, seier prosjektleiar Kjell Halleraker. Han legg til at for tida har selskapet tilnærma arbeid til alle tilsette.

–Fleire av våre folk er leigde ut til andre verksemder. Dessutan har me arbeid i eigen verkstad med fleire mindre prosjekt, seier Halleraker.

Ingen av dei tilsette ved Leirvik AS er med på sjøreisa over Atlanterhavet. Men tre av Stord- verksemda sine folk skal vera med på Peregrino-feltet under samankopling og installering.

Stålunderstellet til Peregrino II kjem frå Nederland, medan dekkskonstruksjonen (topside) er produsert i Texas og boreanlegget i Grimstad og Kristiansand.

Produksjonsstart om eitt år

Peregrino-feltet ligg ca. 85 kilometer utanfor kysten av Brasil på om lag 100 meters havdjup.

Utbygginga av andre fase i dette området vil kosta omlag 3 milliardar dollar og vil deretter kunne auka oljeproduksjonen med 270 millionar fat. Produksjonen skal etter planen kunne starta mot slutten av 2020.

Equinor eig feltet saman med det kinesiske selskapet Sinochem. Equinor, som eig 60 prosent, har dessutan rolla som operatør. Peregrino-feltet, som i dag har ein produksjonskapasitet på 100 000 fat olje per døger, er det største feltet som Equinor opererer i utlandet. Konsesjonsperioden for partnarane på Peregrino-feltet varer fram til og med 2040.

Peregrino fase 2 er ei vidareutvikling av Peregrino-feltet i Campos-bassenget i Brasil og inneheld ei ny brønnhovudplattform, Peregrino C, med boreanlegg og hotell, som vert knytta opp til eksisterande felt. Det skal borast 22 brønnar, 15 produksjonsbrønnar og 7 injektorar.