Kårstø kan bli heilt elektrisk
Thomas Førde
13. januar 2020
Kårstø
Kårstø kan bli heilt elektrisk
Thomas Førde
13. januar 2020

Gassprosessanlegget på Kårstø kan bli gjort heilt elektrisk slik at utsleppa av klimagassar kan bli redusert med same mengde som frå 550 000 personbilar.

Ei ny høgspentlinje frå vasskraftkjeldene i Sauda i Ryfylke eller i Matre i Sunnhordland er nå under planlegging hos Statnett. Dersom Kårstø-anlegga skal erstatta all bruk av gass til drifta av kompressorar og dampkjelar med el-kraft, trengst det ny kapasitet tilsvarande 160 megawatt.  Med jamt uttak av straum vil dette gi eit årleg forbruk på 1,4 TWh, noko som tilsvarar årsforbruket til 70 000 husstandar.

Gassco og Haugalandet Næringspark har inngått utgreiingsavtalar med Statnett for å leggja til rette for å kunne auka kraftoverføringskapasiteten til Haugalandet. Statnett vil ifølgje ei pressemelding søkja om konsesjon for å bygge ein ny kraftleidning til Haugalandet. Konsesjonssøknaden vil etter planen vera klar til våren.

Blant norske industrianlegg kjem Kårstø på andre plass på lista over dei som har størst årleg utslepp av klimagassar, berre Mongstad slepp ut meir. På Kårstø har klimagassutsleppa vore nokså stabile over fleire år og ligg rundt 1,1 millionar tonn CO2 ekvivalentar årleg.

Kan stå klart i 2026

–Men samtidig må ein hugsa på at produksjonen på Kårstø har auka sterkt og fleire tiltak for å redusera utslepp er sette i verk. Dermed er utsleppa per produsert eining blitt halvert, seier Lisbet Kallevik, kommunikasjonssjef i Gassco, selskapet som har operatøransvaret på Kårstø.

Kallevik peikar også på at Kårstø-anlegga alt har elektrifisert 20 prosent av drifta.

–Nå er me i gang med ein teknisk studie kor me ser på ulike alternativ for vidare elektrifisering, kva tilpassingar som skal veljast ut frå omsyn på miljø, økonomi og teknisk og sikker drift, seier Kallevik. Ho legg til at Kårstø er eit komplisert anlegg  som er bygd ut i fleire trinn og at utfordringane er mange med elektrifisering.

Ifølgje Kallevik kan Gassco leggja fram grunnlag for investeringsavgjerd i 2022. Deretter er det opp til eigarane i Gasled (Petoro, Solveig Gas, Capeomega, Silex gas og Equinor) å gjera endeleg vedtak for ombygging på Kårstø. Ombygginga på Kårstø til meir elektrisk drift kan dermed stå klart tidlegast i 2026, seier Lisbet Kallevik.

Kor store investeringar dette kan bli snakk om kan Gassco først presentera mot slutten av dette året.

Enorme verdiar

Kårstøanlegget tar imot rikgass og kondensat frå mange ulike felt i Nordsjøen gjennom røyrleidningar som Statpipe, Sleipner transport og Åsgard transport. Rikgassen blir separert eller prosessert på Kårstø. Etterpå blir tørrgassen, oftast metan, sendt i røyr til kjøparar i Europa. Våtgassar som propan, butan, isobutan og etan blir mellomlagra på store tankanlegg før dei blir transportert med skip til den internasjonale marknaden.

Gjennom dei store gassrøyrleidningane, Statpipe og Europipe II, blei det ut frå Kårstø i 2018 eksportert 28,3 milliardar standardkubikkmeter tørrgass, hovudsakeleg metan, til ein verdi av 61 milliardar kroner.

Men Kårstø er kanskje aller mest kjent som ei av Europas største utskipingshamner for våtgass. I 2018 var 633 tankskip skip på Kårstø for å bli lasta med til saman 7,6 millionar tonn våtgassar eller kondensat, som er ei lettolje.

Meir elektrisk

Dei andre landanlegga som tar imot gass frå norsk sokkel, Kollsnes i Nordhordland og Nyhamna i Møre og Romsdal, er begge nyare anlegg enn Kårstø og blei bygde for elektrisk drift frå først av.

For LNG-fabrikken på Melkøya ved Hammerfest, som tar imot og kjøler ned gassen frå Snøhvit-feltet i Barentshavet, arbeider både Statnett og Equinor med planar om elektrifisering av drifta.

For Mongstad, som er Norges klart største enkeltutslepp av klimagassar, vil regjeringa setja i gong ei utgreiing for å finna løysingar for elektrifisering. 

Største enkeltutslepp frå landbasert industri i Norge i 2018:

Equinor Monstad raffineri 2 202 727  tonn
Gassco Kårstø 1 133 902
Melkøya LNG 935 881
Yara Norge, Yara Porsgrunn 883 961
Norcem Brevik 767 549
Hydro Aluminium, Sunndal 665 717
Ineos Rafnes 449 377
Hydro Aluminium Karmøy 441 377
Esso Slagentangen 368 080
Hydro Aluminium Årdal metallverk 358 284
Norcem Kjøpsvik 334 364
Eramet Norway Sauda 330 490
Elkem Salten 309 222
Equinor Tjeldbergodden metanolfabrikk 284 824

Kjelde: Miljødirektoratet

Samla utslepp frå landbasert industri i Norge var i 2018 på 14,2 millionar tonn CO2 ekvivalentar mot 16,2 millionar tonn 10 år tidlegare.

Olje- og gassverksemda til havs sleppte i 2018 ut 10, 8 millionar tonn CO2 ekvivalentar. Ti år tidlegare var dette talet ifølgje Miljødirektoratet 11,5 millionar tonn.

Dei totale utsleppa av CO2 frå Norge blei i 2018 summert til 52 millionar tonn CO2 ekvivalentar. Størst utslepp kom frå transport med i alt 16,6 millionar tonn.

Dette er felta på norsk sokkel som sleppte ut mest CO2 i 2018:

Gullfaks 914 240 tonn
Åsgard 855 710
Statfjord 812 690
Oseberg 808 290
Troll 694 510
Ekofisk 629 120
Sleipner aust 529 480
Snorre 465 330
Skarv 368 710
Heidrun 353 580

Kjelde: Miljødirektoratet