Ny subseateknikk frå gamal sildoljefabrikk
Thomas Førde
27. februar 2019
Foto: RTS
Ny subseateknikk frå gamal sildoljefabrikk
Thomas Førde
27. februar 2019

I den tidlegare sildoljefabrikken i Åkrehamn på Karmøy blir det nå utvikla det ypperste innan styrings- og sensorteknologi til subseaindustrien.

Verkstader og kontorlokale saman med møterom og «tenkeboksar» for utvikling av nye løysingar har fått tilhald i nye og gamle bygningar på fabrikktomta i hamna. Lagersiloar og tankar for sildemjøl og olje er bytta ut med trykktank og basseng for testing av elektronisk utstyr som skal kunne brukast på havbotn.

Utanfor, kor trålarane tidlegare la til kai for å lossa sild , tobis og øyepål, ligg ein liten og enkel flåte som blir nytta som plattform i hamnebassenget for testing og kalibrering av nytt subseautstyr.

Teknologibedrifta med det forkorta namnet RTS (Rental Technology and Services) konsentrerer seg om å utvikla og tilby effektivt og smart utstyr og nye løysingar til bruk for undervassentreprenørar som driv kartlegging og inspeksjon av havbotn og montering av nye installasjonar under vatn. RTS utviklar mellom anna elektronisk utstyr som sensorar , kontrolleiningar og sambandsutstyr til bruk når botnrammer (templates) skal installerast på havbotn.

Har vore med å setja ned 100 botnrammer

Dagleg leiar Helge Knutsen fortel at RTS har vore med og sett ned på havbotn om lag 100 botnrammer. Selskapet har utvikla sensorsystem som måler vriding og retning og om botnramma er skeiv. Dei leverer dessutan sensorar som måler trykket i alle hjørne av botnramma, både utanfor og innunder sugeankera. Resultata frå sensorar og målingar blir sendt til overflatefartøyet kor heile operasjonen med nedsetjing av ramma blir styrt frå.

– Målet med dette utstyret og ekspertise som me kan tilby er å få botnramma raskt, trygt og effektivt plassert på havbotn, seier Helge Knutsen. Han legg til at det er kostbart å ha eit stort overflatefartøy liggjande på feltet og at det difor er viktig å gjennomføra operasjonen effektivt.

I tillegg til utvikling av nye løysingar og nytt utstyr, er RTS og agent for andre teknologibedrifter.
Karmøy-bedrifta med Helge Knutsen i spissen har mellom anna ein avtale med Kongsberg
Maritime om sal og utleige av deira transpondarar. (Foto: Thomas Førde)

Meir automatisering

I den nedlagte sildoljefabrikken, jobbar subseabedrifta nå med utvikling av meir automatiserte løysingar til bruk ved nedsetjing av botnrammer. Nå er ein avhengig av at fjernstyrte undervassrobotar som (ROV) følgjer botnrammene nedover i djupet, overvakar og er med som styringsverktøy.

RTS vil i staden plassera ein boks med kontrollsenter på sjølve botnramma. Den skal samla inn signal frå sensorar og på bakgrunn av dette mellom anna styra pumper og halvautomatiske sugeanker.

– Me er i dialog med operatørselskap om dette basert på vår ide og vår teknologi. Det nye må byggast inn i eksisterande utstyr, seier Helge Knutsen. Han legg til at generelt utviklar dei nå fleire einingar som kan utføra oppgåver på havbotn over lang tid ved hjelp av straumsparande teknologi og meir batteridrift.

Subsea- og gründarmiljø

Helge Knutsen har same etternamn som den eine av dei to gründarane og eigarane av bedrifta, Odd Kåre Øygarden og Freddy Knutsen. Helge Knutsen er likevel ikkje i slekt med Freddy Knutsen og er rekruttert frå anna verksemd. Men han har likevel ni år bak seg i ulike funksjonar i RTS.

– Fleire av dei 25 tilsette har vore med oss lenge. Framleis har me nokre i staben som har vore med heilt sidan starten i 2002. Utspringet for RTS liknar på det som la grunnlaget for fleire andre subsea-retta verksemder på Haugalandet. Gründarane var innom pionerbedrifta innan subsea i norsk olje og gassindustri, Stolt Nielsen Seaway, som i mange år hadde hovudkontoret i Haugesund.

Målsetjinga då RTS blei starta var mellom anna å korta ned mobiliseringstida for fartøy som skal gjera IMR-jobbar (inspection maintenance and repair) offshore, slik at dei blir meir effektive for sine kundar. Litt seinare blei det meir fokus på utvikling av utstyr.

Ved hjelp av denne enkle flåten kan RTS testa og utstyr og kablar i hamnebassenget like utanfor fabrikkdøra. (Foto: Thomas Førde)

Utviklar nytt og leiger ut

I dag er utvikling av nytt utstyr og nye teknisk løysingar ein av grunnpilaren i verksemda. Fem ingeniørar er hovudsakleg opptekne med utvikling og testing av utstyr. I tillegg har RTS eit nært samarbeid med nystarta Invento Team, eit teknologiselskap i Haugesund, som RTS er medeigarar i og som nokre tidlegare tilsette i RTS er initiativtakarar til. I tillegg til utvikling av nye løysingar og nytt utstyr, er RTS og agent for andre teknologibedrifter. 

Karmøy-bedrifta har mellom anna ein avtale med Kongsberg Maritime og forhandlar eller leiger ut utstyr som transpondarar som er sentrale einingar for å kunne gi nøyaktig posisjon under vatn.

Dessutan har RTS ein samarbeidsavtale med Seatronics, som er eit skotsk selskap. Saman har dei ein utstyrspool og leiger ut frå denne, både med og utan personell, til store delar av verda. Omlag 60 prosent av RTS sin omsetnad skjer nå utanfor norsk sokkel. Dei sender utstyr for utleige til stader som Singapore, Houston, Abu Dhabi og Aberdeen.

Oppsving etter tøffe år

Nokre tøffe driftsår etter det dramatiske fallet i oljeprisen førte til at RTS også måtte kutta i talet på tilsette. Men i følgje Helge Knutsen har aktiviteten nå tatt seg opp att. Dei har mellom anna hatt mange oppgåver i samband med utbygginga på Johan Sverdrup-feltet. Nye store utfordringar kjem under utbygginga av nye felt i Nordsjøen i 2019.

Omsetnaden auka i fjor med 30 prosent frå 56 millionar i 2017.

– Veksten ser ut til å bli like stor i år, seier Helge Knutsen, som legg til at i år må dei difor auka talet på tilsette.

Ein stor del av aktiviteten på tomta til tidlegare Aakrehavn Sildoljefabrik, knyter seg til klargjering av utstyr, kopling av eigenutvikla utstyr saman med innkjøpt utstyr, kalibrering og testing på verkstad, i sjøen eller i trykktank som tilsvarar 4000 meters havdjup. RTS produserer og testar dessutan sjølve mange av dei elektriske kablane som skal koplast til utstyret.

– Det er viktig å testa kritisk utstyr. Her må me vera særs nøyaktig, elles blir me fort sendt ut av bransjen, seier Helge Knutsen.

Ein stor del av aktiviteten hos RTS på tomta til tidlegare Aakrehavn Sildoljefabrik, knyter seg til
klargjering av utstyr, kopling av eigenutvikla utstyr saman med innkjøpt utstyr. Her er Line
Kvilhaug og Odd Olav Sjøen i gong med bygging av ROV Multiplexarar (Foto: Thomas Førde)

Subseamesse i Åkrehamn

– Men korleis er det å driva ei avansert teknologibedrift frå den gamle fiskerihamna på vestsida av Karmøy medan kundane i olje- og gassindustrien finst rundt i heile verda?

– Åkrehamn som plassering er uproblematisk. Me har aldri vurdert å flytta. Stavanger og Bergen ligg nær nok. Det er viktig for oss at me har flyplass her på Karmøy. Det meste av utstyr og delar blir sendt med fly, noko med skip. Me har døgnvakt på telefon og våre folk er lett tilgjengelege og reagerer fort, seier Helge Knutsen. Bedrifta har dessutan vore med å byggja opp eit subseamiljø omkring verksemda i Åkrehamn.

Gjennom fem år har RTS årleg arrangert eiga subseamesse, med utstillarar frå fleire land som kjem til Karmøy for å visa fram nytt utstyr og utveksla erfaringar.