Tekst og foto: Thomas Førde

Eit komplett system for straumforsyning på havbotn gjer det mogeleg å byggja store prosessanlegg under vatn.

Siemens i Trondheim, under leiing av produktansvarleg Bjørn Rasch, utviklar nå eit nett for distribusjon av straum på store havdjup.

Hovudkomponenten i slike distribusjonsnett er ein undervass-transformator som kan ta ned spenninga frå høgspentnettet over vatn. Dernest må installasjonen på havbotn ha eit brytaranlegg og ein frekvensomformar som fordeler straum ut gjennom kabel til dei ulike brukarane der nede på djupt vatn.

Fleire prosessanlegg under vatn
– Det blir fleire undervasskompressorar, pumper, prosessanlegg og i framtida truleg heile fabrikkanlegg på havbotn som alle krev elkraft. Denne utviklinga vil me nå leggja til rette for, seier Bjørn Rasch i Siemens.

Han viser til at det blir bygd ut stadig fleire satellittfelt med tie-in løysing (røyrleidning inntil ei større produksjonsplattform).

Rasch peikar også på at satellittane kan liggja meir enn 20 kilometer unna dagens hovudplattform.

– Brønnar langt unna krev såkalla boosting eller trykkstøtte. Då må vatn injiserast ned i brønnen. Før vatn blir injisert, må vatnet reinsast. Alt dette krev elkraft. Det gjer også behov som vil melda seg med oppvarming av røyr som skal frakta olje på havbotn over lange avstandar, seier produktansvarleg i Siemens og held fram:

– Varmetråd i røyr kan brukast eller det kan tilførast straum direkte i røyret slik at det oppstår motstand som skapar varme. Med slike metodar vil ein unngå mindre miljøvennlege metodar med tilsetjing av væske som glykol.

Testing i to år
For at elkraft under vatn skal gjerast mest mogeleg tilgjengeleg og brukarvennleg, utviklar Siemens og ein ny type av undervass stikkontakt som skal takla spenningar på opp til 45 000 volt. Til- og fråkopling i denne kontakten skal skje ved hjelp av fjernstyrt undervassrobot, ROV. 

– Testing av det nye subsea straumforsyningsanlegget skal nå gjerast under vatn før det er kommersielt tilgjengeleg, seier produktansvarleg hos Siemens, Bjørn Rasch.

Fleire oljeselskap skal ha vist tydeleg interesse for dette utviklingsarbeidet og nokre selskap har jamvel deltatt i eit samarbeid med Siemens undervegs.

– Selskap som Chevron, Equinor, ExxonMobile og ENI har teke del i kvalifiseringa av denne teknologien.

Petrobras har og vore med, men på grunn av interne prioriteringar har dette selskapet ikkje vore med den siste tida, men dei viser likevel stor interesse for denne teknologien, seier Bjørn Rasch.

Forrige artikkelFiskebåt rotet rundt på Yme-feltet
Neste artikkelOceaneering fjerner flere letebrønner med Olympic Zeus

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR