Prisen for leige av forsyningsskip (PSV) har i sommar stige til det høgaste nivået sidan 2014. Det er nærmast «utselt» for klargjorde, ledige skip for sesongen. Men framleis ligg mange skip i opplag.

– Aktivitetsnivået i Nordsjøen er langt høgare i år enn i 2017 og 2018 og tilbodet, spesielt for store forsyningsskip (PSV) er nå avgrensa, seier Bjørgulf Lea. Han er leiar av Uno Offshore si meklaravdeling i Haugesund. Lea viser til at ratane i spotmarknaden for store PSV’ar ligg for tida rundt 150 000 kroner per dag mot ca. 110 000 kroner for eitt år sidan. Meklaren legg og til at det er inngått mange periode-kontraktar for denne sesong.

Men gla’sommaren er likevel ikkje skyfri for offshorereiarlaga då i overkant av 30 forsyningsskip (PSV) framleis ligg i opplag i Nordsjøen og om lag 20 av desse ligg i opplag i Norge.

– Det er svært lite sannsynleg at fartøya som nå er i opplag, vil utfordra tilbodssida i vesentleg grad, seier Bjørgulf Lea. Han viser til at fartøy i opplag er stort sett mellomstore og at desse blir vurdert å vera for små for den nordlege delen av Nordsjøen og vil passa betre i andre marknader.

Med fleire undervassprosjekt aukar også etterspurnaden etter spesialfartøy som støttar
subseaoperasjonar. Seven Viking som blir operert av Eidesvik Offshore er eit såkalla IMR-fartøy og er
på langtidskontrakt med Equinor. (Foto: Thomas Førde)

Meir ustabilt for ankerhandteringsfartøy

Denne sommaren er det høge utleigeprisar også for store ankerhandteringsfartøy (AHTS). Men i følgje Bjørgulf Lea i Uno Offshore er denne delen av marknaden kjenslevar og prisane svingar raskt og ofte.

– Utfordringa til reiarlaga er å kunne halda jamn aktivitet og til utleigeprisar som kan sikra berekraftig drift, seier Lea, som utdjupar dette slik:

– Dagens ankerhandteringsfartøy arbeider særs effektivt og dei som leiger inn slike fartøy er blitt gode til å planleggja flytting av riggar akkurat når det er varsla høveleg ver. Dessutan er riggen sine ankersystem lagt ut på botn i førevegen. Dette gir rask oppkopling av riggen samtidig som infrastruktur og logistikk er nøye lagt til rette. Dermed blir det færre dager under kvar riggflytting med arbeid for båtane.

Nå ligg leigeratane i følgje Uno Offshore i spot-marknaden for ankerhandteringsfartøy mellom 300 000 og 500 000 kroner per dag i Nordsjøen. Prisane var i underkant av 200 000 kroner for eitt år sidan.

Men trass i aukande etterspurnaden er det framleis 35 ankerhandteringsfartøy av ulik storleik som ligg i opplag i Nordsjøen og nær 20 av desse ligg i norske hamner.

– Mange av fartøya som ligg i opplag, vil det vera kostbart for reiarlaga å ta i bruk igjen og difor vanskeleg å få dei ut i marknaden på ny, seier offshoremeklar Bjørgulf Lea.

Kva skjer i Brasil?

Han er spent på kva som skjer i Brasil framover:

– I Brasil er det på mange måtar blitt nye tider etter korrupsjonsskandalar og politisk uro. Store internasjonale aktørar satsar nå friskt på å ta del i utvinninga av landet sine store oljereservar. Dette vil føra til auke i trongen for offshoreservicefartøy. Det kan bli særskilt stort behov for ankerhandteringsfartøy ettersom talet på riggar og FPSO’ar (floating production, storage and offloading) vil auka, noko som igjen kan påverka tilbodssida i Nordsjøen. Kanskje kan nokre skip i opplag også koma til å løysa fortøyingane, seier Bjørgulf Lea.

Han peikar også på at etterspurnaden etter offshoreserviceskip samtidig aukar i Vest Afrika.

– For tida er det narast «utselt» for store forsyningsskip i den regionen.

Forsyningsskipet Viking Avant som tilhøyrer Eidesvik Offshore, fekk nyleg forlenga kontrakten med
Equinor med tre nye år og skal byggjast om til batterihybriddrift. (Foto: Eidesvik Offshore)

Spenning for subseafartøy

Om segmentet for spesialfartøy til bruk i subseamarknaden som CSV (construction support vessel) og IMR (inspection, maintenance and repair vessel) peikar Lea på at der også er høg aktivitet og god utnytting av fartøy.

– Men det ser ut til at aktiviteten vil falla utover hausten når ulike prosjekt er fullført. Dei fleste reiarlag med avansert spesialtonnasje i dette segmentet har funne nye marknader innanfor fornybarindustrien, og då særskilt når det gjeld utbygging av havvindparkar. Denne marknaden har vore svært attraktiv og gitt god utnytting for mange skip. Men fornybarmarknaden har ikkje vist same betalingsevne som olje- og gassmarknaden. Det blir difor interessant å følgja dette når aktiviteten i olje og gass kjem tilbake for fullt, seier offshoremeklar Bjørgulf Lea.

Karmøy har landets største

Solstad Offshore med hovudkontor i Skudeneshavn er landets største og blant eit av verdas største offshoreservicereiarlag. Solstad Offshore disponere i alt 139 fartøy fordelt på 62 forsyningsskip (PSV) 44 ankerhandteringsfartøy (AHTS) og 33 konstruksjonsskip (CSV). Reiarlaget har fått merka så og seia på kroppen fleire år på rad med sviktande etterspurnad. Ved slutten av første kvartal hadde Solstad Offshore 89 fartøy i operasjon.

Men til liks med dei fleste andre offshorereiarlaga er gjelda svært stor og tyngjande. Samtidig er innteninga frå dagleg drift ikkje stor nok til normal betaling av renter og avdrag. Kreditorane har gitt Karmøy-reiarlaget frist til utgangen av oktober med å få på plass ein ny gjeldstruktur.

Viseadministrerande direktør Sven Stakkestad kan likevel gle seg over at marknaden har betra seg jamt og trutt utover i året.

– Me opplever betre utnytting av båtane og høgare dagratar. Dette gjeld i første rekke for PSV. CSV har og fått ein litt betre marknad. Store konstruksjonsfartøy til bruk ved undervassutbyggingar er avhengig av større prosjekt. Stoda er betra der og, men me har større forventingar framover. Det tar tid å utvikla subseaprosjekt, seier Stakkestad, som legg til at marknaden for ankerhandteringsfartøy også er ok for tida.

Utviklinga i talet på skip i opplag, for høvesvis forsyningsskip (PSV) og for ankerhandteringsskip (AHTS). (Grafikk: Uno Offshore)

Kva bør skje?

– Er oppgangen denne sommaren noko som vil vara ved?

– Det som skjer i Nordsjøen er avhengig av kva som skjer i resten av verda. Marknaden i Brasil, der Solstad har 15 båtar, er i så måte viktig. Men offshoremarknaden er ikkje heilt komen tilbake til der den var for nokre år sidan. Det er framleis for mange fartøy i høve til mengda av oppdrag.

– Kva må skje før det blir balanse mellom tilbod av fartøy og mengda av oppdrag?

– Det må til ein kombinasjon av auka aktivitet og at nokre båtar som ligg i opplag, aldri kjem ut igjen. Men samtidig er det stille på nybyggingsfronten. Nesten ingen nye offshoreservicefartøy blir bygde nå, seier viseadministrerande i Solstad Offshore.

– Kva skjer med Solstad sine fartøy som ligg i opplag?

– Det sit langt inne for fleire av desse å koma på jobb igjen. Det kostar å mobilisera båtar som har lege lenge i ein mellomting mellom kaldt og varmt opplag. Fartøy som går i opplag går vanlegvis ut av klasse. Dermed må båten på verft for klassing før dei kan gå ut på jobb igjen. Dette saman med full mobilisering av mannskap kostar. Me treng difor å dra i land ein langsiktig kontrakt før ein båt kan takast ut av opplag. Eit fartøy gjekk ut av langtidsopplag i mai etter at den fekk ein kontrakt som varer i to og eit halvt år, seier viseadministrerande i Solstad Offshore.

Utviklinga i dagratar i spotmarknaden for forsyningsskip (PSV) i norsk og britisk del av Nordsjøen.
(Grafikk: Uno Offshore)

Oppsving for botnseismikk

Jan Fredrik Meling, administrerande direktør i Eidesvik Offshore peikar også på at marknaden ikkje er friskmeldt ennå. Men Meling gler seg også over oppgang, særleg for forsyningsskip.

Eidesvik Offshore har ein flåte på 24 skip fordelt på sju forsyningsskip (PSV), fire subseafartøy (CSV og IMR) og 11 seismikkfartøy.

I følgje Meling har oppgangen i subseamarkanden gått tregare enn forventa.

– Men ordrebøkene hos dei store subseaentreprenørane er i ferd med å fyllast slik det at kan bli fleire oppgåver å konkurrera om til neste år.

Marknaden for seismikkfartøy som utfører botnseismikk er og i ferd med å ta seg opp, seier Eidesvik-sjefen.

– Oljeselskapa fokuserar på å få meir ut av eksisterande felt og eksisterande infrastruktur. Me har nå tre skip i den delen av seismikkmarknaden som utfører botnseismikk og der har det vore bra betalt i det siste. Men dei store seismikkfartøya er det mindre etterspørsel etter, seier Meling.

Utviklinga i dagratar i spotmarknaden for ankerhandteringsfartøy (AHTS) i norsk og britisk del av
Nordsjøen. (Grafikk: Uno Offshore)

Gler seg over fleire skip med batteri

Eidesvik Offshore har nå to skip i opplag, men det eine er under kontrakt og gir likevel inntekter til reiarlaget, som nyleg underteikna to nye kontraktar for forsyningsskipa sine.

Viking Athene fekk kontrakt for eit halvt år med Aker BP og for Viking Avant blei kontrakten med Equinor forlenga med tre år. Dette skipet skal byggjast om til batterihybrid og blir det sjette med slik installasjon i Eidesvik-flåten.

– Det er ei gledeleg utvikling at fleire forsyningsskip går over til drift med batterihybridløysingar. Eidesvik Offshore var pionerar på dette området og måtte i starten nærast pressa løysinga på operatørselskapa. Nå er dette heldigvis i ferd med å bli standard, seier administrerande direktør Jan Fredrik Meling.