Imenco satsar stort på kamera til bruk under vatn
Thomas Førde
3. september 2019
Foto: Thomas Førde
Imenco satsar stort på kamera til bruk under vatn
Thomas Førde
3. september 2019

Meir lys, skarpare bilete og betre kommunikasjon under vatn. Dette er dei klare ambisjonane til Imenco som gjer store investeringar gjennom oppkjøp og produktutvikling.

Selskapet har gjennom 25 år utvikla og levert kamerasystem til subseanæringa. Etter oljeprisfallet i 2014 blei det nærast bråstopp i etterspurnaden. Men marknaden tok seg raskt opp att og Imenco såg at tida var inne til enda større satsing. For om lag eit år sidan kjøpte dei sin største konkurrent innan kamerateknologi, Kongsberg-gruppa sin kameradivisjon med stor verksemd og 65 tilsette i Skottland.

Selskapet som Imenco nå har overtatt, har spesialisert seg på subsea-kamera og overvakingskamera (CCTV, closed circut television) til bruk om bord i skip som opererer i tøft ver og krevjande farvatn.

Slike system er mellom anna levert til marinefartøy i fleire land.

Utvikling og Freedom

Ifølgje Geir Egil Østebøvik, er Imenco, selskapet som han både eig og leier, det største internasjonalt og det teknologisk leiande når det gjeld kamera til bruk under vatn.

I tillegg til oppkjøpet i Skottland, har Imenco investert i omfattande utvikling av eigen kamerateknologi.

– Utviklinga er gjort med tanke på å tilby enda betre kamerasystem til offshore og subsea-næringa, men også til nye marknader, då særskilt til havbruksnæringa, seier konsernsjefen.

Imenco har til dømes drive utviklingssamarbeid over lengre tid med undervassentreprenøren Oceaneering. Lysutstyr og kamera til prototypen av Oceaneering sin nye fjernstyrte og elektrisk drivne undervassrobot, Freedom, kjem frå Imenco.

Ein digitalisert hydraulikk-motor er under testing i verkstaden hos Imenco. Rune Bringedal til
venstre her saman med Juan Cabrera. (Foto: Thomas Førde)

Nytt oppkjøp i Skottland

I sommar slo selskapet til med enda eit oppkjøp i Skottland, denne gongen blei Nautronix ein del av Imenco-konsernet. Nautronix, som har vore under Proserv sitt eigarskap, har spesialisert seg på akustisk kommunikasjons- og posisjoneringsutstyr under vatn.

– Dette blir som eit undervass-GPS-system og kan langt på veg erstatta bruk av kabel til styring og kommunikasjon. Dette vil forenkla subseaoperasjonar og spara kostnader, seier Østebøvik.

Imenco utvidar dermed sitt produktspekter innan offshore og subseaindustrien. Konsernsjefen peikar dessutan på at den same teknologien blir utvikla og tilpassa for bruk i andre næringar, som i havbruk og havvindindustrien.

Kjøpet av Nautronix inneber at Imenco nå har 85 tilsette i Skottland fordelt på Aberdeen og Wick.

Leverte dykkarsystem

Gjennom fleire tiår har Imenco også levert mange andre produkt til olje- og gassnæringa, særleg til den aktiviteten som går føre seg på havbotn. Selskapet som nå har samla heile den norske delen av verksemda i Grinde i Tysvær kommune aust for Haugesund, leverer mellom anna ulike typar feste- og styringsutstyr til bruk i undervassoperasjonar.

Før det dramatiske oljeprisfallet i 2014, bygde Imenco dykkarsystem til store, nye spesialskip for hyperbarisk dykking i oljeindustrien. Det siste skipet som dei leverte til var Acergy Havila (nå Seven Falcon). Imenco gjennomførte denne kontrakten saman med det tyske selskapet Dräger og kontraktsummen lydde på om lag 500 millionar kroner.

– I dei siste åra er det knapt blitt bygd slike spesialskip. Men me leverer framleis komponentar og delar til dykkarsystem, seier Østebøvik.

Eit velkjent Imenco-produkt er fyllestasjon for helikopterdrivstoff som John Kåre Drange her
klargjer. Liknande anlegg er nyleg levert til Johan Sverdrup-feltet og til Johan Castberg. (Foto:
Thomas Førde)

Snudde etter oljeprisfallet

Selskapet hans fekk verkeleg kjenna oljeprisfallet på kroppen. Omsetnaden fall frå om lag 400 millionar kroner årleg til det halve, medan talet på tilsette måtte kuttast frå 200 til 100.

I 2015 starta selskapet ein ny strategi for å få fleire bein å stå på. Dei har utvikla nye produkt til havvindindustrien som innfestingssystem på havbotn og antikorrosjonsklemmer som kan monterast under vatn ved hjelp av undervassrobotar (ROV, remote operated vehicle). Samtidig brukar Imenco store ressursar på utvikling av nye kamerasystem for havbruksnæringa .

– Men olje og gassindustrien er framleis vår viktigaste marknad, seier konsernsjef Østebøvik og held fram: – Olje og gassnæringa vil etterspørja utstyr til utbygging og vedlikehald i mange tiår, men marknaden vil svinga. Difor treng me fleire bein å stå på.

Drivstoff til helikopter

Eit viktig produkt frå Imenco til olje- og gassindustrien har vore system og utstyr for lagring, reinsing og fylling av drivstoff til helikopter. Då aktiviteten i offshorenæringa var på sitt høgste, leverte Imenco mellom 40 og 50 slike anlegg i året.

– Me har framleis etterspurnad etter slikt utstyr, seier Rune Bringedal, leiar for olje- og gassaktivitetane i Imenco. Han viser oss rundt i verkstadhallane i Tysvær, kor fleire helikopterfylleanlegg er under bygging. Nyleg leverte dei slike drivstoffhandteringsanlegg til både Johan Sverdrup-feltet og til produksjonsskipet som skal til Johan Castberg-feltet i Barentshavet.

Anlegga som er under bygging i verkstadhallen skal leverast til ymse FPSO-ar (Floating Production, Storage and Offloading) i ulike delar av verda.

I ein annan verkstadhall er anlegg for produksjon og distribusjon av varmt vatn til drakten hos dykkarar om er på jobb nede i det kalde havet.

Imenco leverer hydrauliske vinsjar til bruk under vatn. Vinsjen kan opererast av
undervassrobotar. (Foto: Thomas Førde)

Digital hydraulikk-motor

Like før oljeprisfallet kjøpte Imenco den tradisjonsrike Haugesund-bedrifta, Bauer Hydraulics.

Verksemda hadde i mange år vore kjent for sine hydraulikk-motorar og for hydrauliske sylindrar og ventilar. Med på kjøpet følgde ei produksjonsbedrift i Kina, som Imenco framleis driv.

Den hydrauliske Bauer-motoren er nå under vidareutvikling hos Imenco. Dei er mellom anna komne godt i gang med å setja digitale styringssystem i motoren.

– Ei digitalisering vil gi betre mogelegheiter for nøyaktig styring. Her har me eit utviklingsprosjekt på gang saman med ein stor leverandør av kranar til offshoreindustrien, seier Rune Bringedal. Han legg til at ein digitalisert versjon av hydraulikkmotoren vil bruka berre halvparten av energien som ein hydraulikk-motor i tradisjonell utgåve.

Ingeniørarbeid og maskinering

Imenco sin kjernekompetanse har gjennom heile selskapet si historie vore ingeniørarbeid, spesielt retta inn mot subseanæringa.

– Me utfører ymse slike ingeniørprosjekt og har nyleg vore med på ein spennande subsea-jobb for Teekay, seier Bringedal.

Maskinering er eit anna kjerneområde. I verkstaden er ein stor park av anvanserte CNC-maskinar, (Computer numerical control). Fleire av dei blei kjøpte for to år sidan frå konkursbuet etter Delta Pumpefabrikk i Haugesund. Ein flunkande ny CNC-maskin med meir automatisering og fleire digitale innstillingsalternativ er ennå ikkje pakka ut og tatt i bruk.