«Mike the Bike» har fått jobb på Kårstø
Thomas Førde
3. juni 2019
Roboten i arbeid. Magnetiske hjul trekker den til stålveggen inne i røyr og tankar. (Foto: Equinor)
«Mike the Bike» har fått jobb på Kårstø
Thomas Førde
3. juni 2019

Hos Gassco og Equinor blir 2019 kalla for eit historisk år; året då robotar for alvor blir tatt i bruk til å utføra inspeksjon ved olje- og gassprosesseringsanlegg på land.

«Mike the Bike» er kallenamnet til den vesle roboten som har trilla på magnetiske hjul langs loddrette veggar i tronge mørke tankar og store røyr på Kårstø på leiting etter manglar, feil eller skadar.

Under revisjonsstansen på Kårstø nyleg blei roboten sendt inn i tre trykktankar for å inspisera tilstanden. Inne i tanken kan roboten festa seg til stålveggene ved hjelp av magnetiske hjul og kan via kabel på inntil 60 meters lengde, styrast opp og ned langs loddrette vegger. Dessutan kan Mike the Bike klatra over hinder og ta seg gjennom parti med 90 graders innvendige og utvendige overganger eller hjørner.

Roboten er utstyrt med videokamera og verktøy for ultralydmåling av tjukkleiken i stålveggene i tanken. Den har og ein brakett kor det kan monterast eit boroskop; eit verktøy som gjer at ein effektivt kan sjå se inn i avgreiningar (nozzlar) i tanken.

– Dette er berre starten på robotiseringa av inspeksjonsarbeidet ved prosessanlegg i olje- og
gassindustrien, seier Håkon Hilmar Ferkingstad i Gassco (t.v.) og Geir Tore Knudsen i Equinor. (Foto:
Thomas Førde)

Betre tryggleik for arbeidsfolk

– Resultata etter bruken av roboten har vore svært gode, seier Geir Tore Knudsen, overingeniør i Equinor. Han fortel at ein av tankane som blei robot-inspisert, er ein separator som kan romma hydrokarbonar, enten i væske- eller i gassform. Tanken er 12 meter høg og har ein diameter på 2,5 meter. Hittil har silke innvendige inspeksjonar blitt utførte ved at personar som må krypa inn for å jobba i tanken.

Men for at det skal kunne skje på ein trygg måte krevst langt meir omfattande førebuingar enn ved bruk av robot. Mellom anna må det byggjast stillas inne i den høge tanken og alle røyr som fører gass eller væske inn eller ut av tanken må blendast.

– Det er omsynet til tryggleik for mannskapet som er hovudårsaka til satsinga på fleire inspeksjonar med robotar, seier Knudsen.

Dramatisk kostnadskutt

Men i tillegg oppnår bransjen store gevinstar i form av auka effektivitet og sparte kostnader.

– Inspeksjon med robot av den eine separatortanken, kosta berre ein femdel av kva kostnadene ville ha blitt ved å gjera operasjonen manuelt og på gamle måten, seier Geir Tore Knudsen.

Han peikar også på at før inspeksjon av ein tank med robot kan ein laga eit nøyaktig tredimensjonal modell av inspeksjonsobjektet. Denne modellen blir deretter eit kart som roboten blir styrt etter. Staden kor bilete er tatt inne i tanken blir automatisk merka med nøyaktig posisjon i modellen.

Inspektøren som sit på utsida, ser og kan tolka bileta og kan samtidig skriva inn sine merknader og kommentarar slik at rapport blir laga der og då.

– Me får langt fleire bilete frå innsida og langt meir nøyaktig referanse til kor biletet er tatt, seier overingeniør Knudsen, som legg til at inspeksjon og dokumentasjon blir meir systematisk. Siktemålet med slike innvendige inspeksjonar av prosessanlegg er å avdekka korrosjon eller rustskadar og samtidig sjekka om utstyr er på rett plass og at alt er i orden.

Mange år med utvikling

Robot-eventyret starta i 2013 og varte i tre år som eit EU- støtta utviklingsprogram. Gassco, som er operatørselskap på Kårstø og ved andre landanlegg i det norske gasstransportsystemet, deltok i dette prosjektet saman med andre internasjonale sluttbrukarar og utviklarar. Equinor som er teknisk tenesteytar (TSP) på Kårstø og ved fleire andre landanlegg, blei invitert av Gassco til å vera som teknisk støtte.

Utviklingsarbeidet skjedde i nært samarbeid med utstyrs- og teknologileverandøren GE Inspection Robotics. Seinare har ein gått vidare med testing og utvikling ved K-lab på Kårstø. Shell som er teknisk tenesteytar ved gassprosessanlegget i Nyhamna, er og med. Gassco, Equinor og Shell har saman gjort robottestar ved det gamle mottaksanlegget for gass i Emden i Nord Tyskland. Der har Gassco bygd eit nytt anlegg som tar imot den norske gassen før den blir distribuert på kontinentet. Dermed står det gamle anlegget tomt og er veleigna for testing av nytt utstyr.

Gassco, Shell og Equinor har nå kvar sin inspeksjonsrobot av typen Bike. Erfaringar og lærdom som er samla på Kårstø vil Equinor dela med dei fem andre landanlegga dei har driftsansvaret for.

– Gassco vil låna ut robot og ekspertise til andre landanlegg som me har operatøransvaret for, seier overingeniør Håkon Hilmar Ferkingstad. Han legg til at i Nyhamna på Nordmøre skal Shell nytta roboten til inspeksjonsarbeid under revisjonsstans i september.

Roboten i arbeid. Magnetiske hjul trekker den til stålveggen inne i røyr og tankar. (Foto: Equinor)

Slangerobot og dronar

Andre typar robotar er også testa og vil bli tatt i bruk etter kvart. Det gjeld mellom anna Snake arm-roboten, som liknar ein slange eller ein ål. Den krev krev lite rom og er svært fleksibel. Snake-roboten kan brukast i tronge røyr og stikka sitt opplyste kamera-hovudet inn i ulike mørke opninga undervegs.

– Denne roboten treng heller ikkje festa seg til veggen ved hjelp av magnetar og blir såleis eit godt alternativ til inspeksjon av tankar i rustfritt materiale, seier Ferkingstad.

Dronar er også tatt i bruk til inspeksjon av høge fakkeltårn på Kårstø. Slike inspeksjonar kan gjennomførast jamvel medan fakkelen er tent, seier overingeniør Knudsen i Equinor. Han legg til at enkelte typar av dronar kan og nyttast til innvendig inspeksjon av høge skorsteinar og anna prosessutstyr.

På Kårstø vil Equinor leiga underleverandørar til spesialiserte droneinspeksjonar, til dømes med ultralydmåleutstyr.

– I framtida vil me gjennomføra enklare inspeksjonar med våre eigne dronepilotar, seier Knudsen.

Han legg til at på Kårstø har Equinor også lært opp ei gruppe med operatørar som skal utføra robotinspeksjonar.

Framleis mange inspektørar

– Vil mange operatørar mista jobbane sine når robotar og dronar for alvor gjer sitt inntog?

– Nei. Me treng framleis mange flinke og erfarne inspektørar, mellom anna til å tolka all informasjonen som blir samla med nytt verktøy. Inspektørar må og sendast inn i prosessutstyr kor me av ulike grunnar ikkje kan bruka robotteknologi. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen blir likevel endra for mange, seier Ferkingstad og Knudsen, som begge trur at dette berre er starten på robotiseringa. Dei legg til at fordelane med robotbasert inspeksjon av prosessanlegg truleg er enda større offshore enn ved anlegg på land.

Særs nøgd trekløver etter robottesting i gassmottaksanlegget i Emden i Nord Tyskland. Frå venstre Geir Tore Knudsen i Equinor, Henrik Hilmar Ferkingstad i Gassco og Alexander Edvardsen i Shell. (Foto: Thomas Mortveit, Gassco)

Fakta om Gassco

  • Type selskap: Operatør av det norske transportsystemet for naturgass.
  • Hovudkontor: Karmøy
  • Landanlegg: Prosessanlegg: Kårstø, Kollsnes og Nyhamna.
  • Mottaksterminalar: i Tyskland, Belgia, Frankrike og Storbritannia
  • Røyr og plattformer: Operatør for 8829 kilometer med røyrleidningar og to plattformer.

Fakta om Kårstø

  • Type anlegg: Gassprosessanlegg som i hovedsak skil tørrgass og våtgass frå rikgassen som strøymer inn til anlegget via røyrleidningar frå norsk sokkel. Tørrgassen blir eksportert via røyr til Kontinentet, mens ulike produkt frå våtgass blir skipa ut på kjøl.
  • Viktigste gasskjelder: Tampen-området, Sleipner-området (kondensat) og Norskehavet nær
  • Åsgardfeltet
  • Volum: 25 prosent av norsk gasseksport skjer via Kårstø.
  • Operatør: Gassco
  • Teknisk tenesteytar: Equinor