Westcon gler seg over riggoppdrag
Thomas Førde
18. mars 2019
Ankerhandteringsfartøyet Siem Opal saman med to taubåtar assisterte boreriggen Transocean Arctic inn til Westcon Yard i Ølensvåg. (Foto: Thomas Førde)
Westcon gler seg over riggoppdrag
Thomas Førde
18. mars 2019

Transocean Arctic kom fredag inn til Westcon Yard i Ølensvåg for service, klassing og oppgradering. Opphaldet ved verftet vil truleg vara i minst seks veker.

– Dette er eit kjærkome oppdrag for verftet, seier Malvin Eide, som er leiar for riggavdelinga hos Westcon Yard i Ølensvåg.

Eide legg til at oppdraget er så vidt omfattande at det kan bli nødvendig å ta inn ekstra mannskap for å kunne utføra jobben på tilmålt tid. Det har vore litt lengre mellom riggjobbane hos Westcon dei siste åra. Den siste oppgåva før Transocean Arctic var Floatel Endurance, som var inne til service før jul i fjor.

– Men det ser ut til å lysna i riggmarknaden nå slik at det reknar med fleire liknande oppdrag framover, seier Eide.

Kom frå Nordsjøen
Transocean Arctic fekk assistanse frå havet og inn gjennom fjordane i Sunnhordland og heilt fram til verftet ved Ølensfjorden av tre hjelpefartøy. To taubåtar var med i tillegg til ankerhandteringsfartøyet Siem Opal. Vel framme vart det sett ut to anker i fjorden som riggen blei fortøya til, i tillegg til feste i land.

Riggen er ein halvt nedsenkbar borerigg av den eldre garde, bygd i 1986 og har inntil nyleg gjennomført boring i Nordsjøen for Wellesley Petroleum, operatøren for lisens 871. Men det viste seg å vera tørt der riggen bora denne gongen, 20 kilometer nord for Vilje-feltet og ca. 153 kilometer frå land, på 109 meters djup.

Riggpause
Det tar til å bli nokre år sidan riggaktiviteten var på sitt høgaste hos Westcon i Ølensvåg. I perioden 2010 til 2012 hadde verftet sitt aller største oppdrag med ombygging og oppgradering av den tidlegare brannskadde riggen Scarabeo 8, som er eigd av Saipem. Under den mest hektiske tida om bord i Scarabeo, hadde Westcon nær 1200 personar i arbeid. Riggen har vore innom hos Westcon for service nokre gonger seinare. Men etter 2014 har riggverksemda ved verftet dabba litt av.

Fleire bein å stå på
Verftet, som har om lag 450 tilsette, har fleire bein å stå på. Dei driv med service av skip og har to flytedokkar til slike oppgåver. Ombygging av ferjer og forsyningsskip til batteridrift har skapt stor aktivitet dette året. Det same har nybygging av to fiskebåtar. Westcon har også kontrakt med Norled for bygging av ei ny ferje i aluminium og med batteridrift. Dessutan har Westcon personell offshore på ymse vedlikehaldsoppdrag. Ved verftet ligg nå to boreriggar i opplag. Det er flyteriggen Polar Pioneer og jackup-riggen West Epsilon.

Annonse:
Oppdatert på riggmarkedet? 
Få innsikt i operatørenes boreplaner.
www.borekonferansen.no