Sigve Knudsen blir ny direktør i Havindustritilsynet

Foto: Havtil
Publisert 14. mars 2025

Sigve Knudsen vart i statsråd i dag utnemnd som direktør for Havindustritilsynet for ein åremålsperiode på seks år.

Knudsen er i dag direktør for rådgiving og regelverk i Havindustritilsynet.

Sigve Knudsen er 52 år. Han er utdanna sivilingeniør frå NTNU og har leiarutdanning frå Befalsskolen. Knudsen har jobba i Havindustritilsynet, tidlegare Oljedirektoratet/Petroleumstilsynet, sidan 1999 og har hatt ulike leiarstillingar i tilsynet innan strategi, juss, tilsyn og rammevilkår.

– Havindustritilsynet har svært viktige oppgåver i tida me er inne i. Produksjon og transport av norsk olje og gass har fått større betydning for europeisk energisikkerheit, og med det er også sikkerheta på norsk sokkel blitt enda viktigare. Samtidig skal det leggjast til rette for sikker drift og trygt arbeidsmiljø i utviklinga av nye havindustriar. Med Sigve Knudsen som direktør får Havindustritilsynet ein erfaren leiar som kjenner både organisasjonen og aktørane i havindustriane godt. Eg ønskjer han lykke til og ser fram til samarbeidet, seier energiminister Terje Aasland.

Sigve Knudsen tek over etter Anne Myhrvold, som har vore direktør i to åremålsperiodar. Åremålet hennar går ut 30. april 2025.

Siste fra forsiden

Melder om mulig ny kontrakt for Borgland Dolphin

+

Store kutt i vedlikeholdet – retter feil med borrelås og «wrapping»

+

Stor suksess med utleige under vatn

Energi24 skifter navn – blir til Petro.no

+

Deimos var tørr

+

Godkjenner PUD for Fram Sør – investeringer på 21 milliarder kroner

Database

Petro Database gir enkelt og raskt oversikt og innsikt i kommende prosjekter på norsk sokkel.

Gå til Petro Database

Full oversikt over letebrønner

Full oversikt over rigger

Full oversikt over feltutbygginger