Dette subseaselskapet vaks og tente pengar da andre var i krise
Glenn Stangeland
28. november 2018
Einar Tollaksvik, Saga Subsea. (Foto: Thomas Førde)
Dette subseaselskapet vaks og tente pengar da andre var i krise
Glenn Stangeland
28. november 2018

Medan alle pilar peika nedover i olje- og gassbransjen, starta nokre gründarar firmaet Saga Subsea i Haugesund. Sidan 2014 har veksten vore imponerande samtidig som nykommaren også har tent pengar.

Tekst og foto: Thomas Førde

Utleige av fagpersonell og utstyr som ROV-ar (fjernstyrte undervassrobotar) til subseabransjen, utarbeiding av prosedyrar for ulike operasjonar saman med servicetilbod ved kai og base, er nokre stikkord for verksemda, som i dag har 50 tilsette og hadde i fjor ein omsetnad nær 60 millionar kroner.

Selskapet blei stifta i 2011, nærast som ein bigeskjeft av tre gründarar. To av dei, Einar Tollaksvik og Tor Edward Sandvik Alme, valde å utvikla selskapet vidare og innsåg at dersom dei skulle lukkast måtte dei satsa og skapa vekst.

– Då heile olje- og gassnæringa blei pressa til å kutta kostnader, ville ikkje dei store kontraktørane bry seg med å handtera kontraktar og avtaler med for mange små underleverandørar, seier Tollaksvik, som kan visa til ei femdobling av omsetnaden frå 2014 til 2017.

Med ein viss storleik og bredde i tilbodet, kunne nykommaren koma i posisjon med utstyr og tenester til reiarlag og entreprenørar i subseabransjen som gjorde at desse kunne jobba meir effektivt.

– Vårt tilbod av tenester, til dømes her ved subsea-servicebasen på Killingøy i Haugesund, kan bidra til at eit skip kuttar ned liggetida frå tre til to døger. Dermed sparte dei store kundane tid og pengar og blei meir konkurransedyktige. Samtidig fekk vårt unge selskap, som er med og gjer mobilisering av fartøya meir effektivt, høve til å tena pengar, seier Tollaksvik.

Saga Subsea har eigen verkstad i Haugesund for produksjon og reparasjon av utstyr. På bildet er
Constantina de Azevedo, som er lærling og Stian Hemnes som er verkstadleiar. (Foto: Thomas Førde)

Til Las Palmas og Vest Afrika
I 2016 opna Saga Subsea ein servicebase i Las Palmas på Gran Canaria. Dermed opna det seg ein port inn til den store subsea- og offshoremarknaden utanfor kysten av Vest Afrika.

Då Petro.no besøkte Saga Subsea sitt hovudkontoret i Haugesund, heldt ingeniør- og marknadsavdelinga i samarbeid på med førebuing av eit tilbod til for utleige og utføring av tenester i havet utanfor kysten av Kamerun.

– Me er i ferd med å gjennomføra fleire kontraktar i mange av landa langs Afrika sin vestkyst, frå Namibia i sør til Mauritania i nord, seier Tollaksvik. Han legg til at det handlar oftast om utleige av utstyr til bruk ved undervassoperasjonar. Typisk utstyr kan vera ROV ( fjernstyrt undervassrobot) til bruk for observasjon. I blant leiger dei også ut personell som hjelper til ved planlegging og gjennomføring av oppdrag.

Til Kypros og Argentina
– Aktiviteten i høve til subseamarknaden i Vest Afrika har auka jamt og trutt dei siste to-tre åra og er blitt særs viktig for oss, seier Tollaksvik, som nyleg sette i gong arbeidet med etablering av ein subseabase ved Limasoll på Kypros.

Kypros er ein ung oljenasjon som for relativt kort tid sidan kom i gang med leiteboring. Fleire av dei store internasjonale operatørselskapa er på plass.

– Det statlege kypriotiske oljeselskapet har invitert oss til samarbeid, seier Tollaksvik. Han peikar også på at basen på Kypros er eit godt utgangspunkt for andre marknader i Middelhavet, som til dømes Egypt, kor olje- og gassindustrien er meir utvikla.

På andre sida av Atlanterhavet har også det unge subseaselskapet frå Haugesund, gjort seg gjeldande. Då Solstad Offshore fekk ein kontrakt i argentinsk farvatn, vart dei ein døropnar også for Saga Subsea.

– Me leigde ut personell og utstyr til ein argentinsk kontraktør og fekk gode kontaktar å byggja vidare på, seier Tollaksvik.

Lys framtid på norsk sokkel
Men den største aktiviteten hos Saga Subsea er framleis knytt til norsk sokkel. Det reknar Tollaksvik at det vil bli også i dei næraste åra.

– På norsk sokkel ligg framleis eit hav av mogelegheiter. Subseaverksemda knytt til olje og gass vil vara lenge. Den siste farkosten som kjem til å forlata norsk sokkel er ein ROV. Men det vil skje endringar undervegs. Dette er jo ein dynamisk bransje, seier dagleg leiar i Saga Subsea.

Han legg til at selskapet han leier vil halda fram innan olje- og gassnæringa.

– Me heldt igjen då «alle» ville flykta over til havvindindustrien eller til oppdrettsnæringa. Men me syter også for å ha fleire bein å stå på og knyter til oss eit bredt spekter av oppdragsgivarar. I tillegg til olje- og gassindustrien har me satsa på oppdrag knytt til kabellegging til havs og til forsking på havbotn.

Per Øyvind Nesse og Jon Døvle frå Saga Subsea gjer vedlikehaldsarbeid om bord på ein rigg offshore. (Foto: Saga Subsea)

Ettertrakta medarbeidarar
Tollaksvik skryt av eit godt subseamiljø ved basen på Killingøy i Haugesund og av dei tilsette i Saga Subsea.

– Me har knapt lyst ut ein ledig stilling. Dei fleste er blitt handplukka etter kvart som oppgåvene melder seg. Kundane våre spør gjerne etter tilsette ved namn før dei spør etter utstyr og tenester. Med tilsette som er ettertrakta, fører det også til at me får fleire oppdrag, seier Einar Tollaksvik.

– Han dreiv tidlegare eige konsulentfirma i subseabransjen. Det same gjorde partnar og medeigar Tor Edward Sandvik Alme, som nå leier ingeniør- og utviklingsavdelinga.

Veksten held fram
Dagleg leiar Tollaksvik seier at veksten frå dei siste åra vil halda fram, om ikkje like sterk som i dei siste åra. Ved utgangen av oktober hadde selskapet omsett for 66 millionar kroner.

– Me ligg dessutan an til å få ei sunn botnlinje i reknskapen når året er slutt, seier dagleg leiar, som legg til at dei reknar med å tilsetja fleire også neste år.

– I tillegg til å tena pengar er det viktig at me har sikre jobbar, eit godt arbeidsmiljø og at folk trivst i sitt arbeid. Samtidig er det viktig for oss at kundane gjer det betre ved hjelp av vårt bidrag. For å nå desse måla er me avhengig av å tena pengar, seier Einar Tollaksvik.

Fakta om Saga Subsea

  • Type selskap: Leverandør av utstyr, personell og tenester til offshore subsea
  • Hovudkontor: Killingøy i Haugesund
  • Omsetnad i 2017: 59,3 mill. kr.
  • Resultat før skatt i 2017: 2,8 mill. kr.
  • Tilsette: 50
  • Eigarar: Einar Tollaksvik og Tor Edward Sandvik Alme