Subseaskip får 17,5 tonn med batteri om bord
Thomas Førde
18. desember 2018
Foto: Thomas Førde
Subseaskip får 17,5 tonn med batteri om bord
Thomas Førde
18. desember 2018

Seven Viking har under verkstadopphald hos Westcon i Ølensvåg fått installert eit avansert batteri-hybridsystem, som under optimal drift skal kutte drivstoffrekninga med fire millionar kroner kvart år.

– Dette er truleg eit av dei første store miljø-og klimatiltaka til sjøs som samtidig blir lønnsamt, seier Vermund Hjelland.

Han er direktør for teknologi og utvikling i reiarlaget Eidesvik Offshore. Reiarlaget har i mange år hatt ei leiande rolle i bransjen når det gjeld utprøving av «grøne» tiltak om bord i offshoreserviceskip. Dei var blant dei første til å ta i bruk naturgass som drivstoff, først med testing av brenselceller og først ute med å prøva batteri som energikjelde på offshoreskip.

Eidesvik blir nå eit av dei aller første reiarlaga som tar i bruk batteriteknologi og tilhøyrande avanserte styringssystem om bord i eit større offshore konstruksjonskip. Seven Viking, som er eigd av eit samarbeidsselskap mellom undervassentreprenør Subsea 7 og Eidesvik,blei bygd i 2012 og utmerka seg mellom anna ved at det aller meste av dekksarealet var innebygd.

Arbeidsoppgåvene for dei som står for sjøsetjing og dokking av fjernstyrte undervassrobotar (ROV) og anna subseaverktøy, er innadørs i all slags ver.

Seven Viking,som er 106,5 meter lang og 24,5 meter brei, er eit av dei aller første konstruksjonsfartøya i oljebransjen som får installert batteri-hybridsystem om bord. (Foto: Thomas Førde)

Hentar juletre på havbotn

– Typiske arbeidsoperasjonar for Seven Viking, som til vanleg har 60 personar om bord, er vedlikehald av brønnrammer og anna utstyr på havbotn.

– Kanskje blir me ferdig med testing og fininnstilling av det nye utstyret tids nok til at me på sjølvaste julaftan kan dra ut i Nordsjøen og henta opp eit juletre frå havbotn, spøker kaptein Øystein Våge.

Men spøken er svært nær realitetane: – Det er i ferd med å bli ei vanleg oppgåve for oss å henta opp ventiltre som blir kalla juletre, og transportera dei inn til land for vedlikehald, seier Våge.

Seven Viking har to arbeids-ROV-ar og ein observasjons-ROV om bord i tillegg til modulhandteringstårn og ei stor offshorekran, som blir nytta til å senka tyngre verktøy ned gjennom opninga (moonpool) i dekket. Dermed er skipet utrusta til ymse arbeidsoppgåver under vatn, som inspeksjon, vedlikehald og reparasjon.

Batteri erstattar maskin og generator

Under arbeid på feltet er Seven Viking avhengig av å kunne bruka DP, eit data-og satellittbasert navigasjonssystem som held skipet i nøyaktig posisjon over lengretid.

–Medan skipet er kontrollert ved hjelp DP, blir lasta på motorane vanlegvis låg. Med låg last blir verknadsgraden eller utnyttinga av energien i drivstoffet låg, seier Vermund Hjelland, som held fram: – Forbruket av drivstoff blir samtidig relativt høgt, noko som gir dårleg økonomi og unødvendig mykje skadeleg utslepp til luft.

Hjelland forklarar vidare at med batteripakka installert om bord saman med eit moderne styringssystem,kan skipet gå på berre ein maskin medan batteriet fungerer som back up og kan driva fartøyet aleine i 20 minutt. Den andre funksjonen til batteriet, til dømes under segling, sørgjer batteriet for jamnare last på motoren, på fagspråket «peak-shaving». Dette gir og monaleg kutt i forbruk og utslepp.

Instruksjon og opplæring av mannskap om bord slik at det nye batterihybridsystemet skal kunne utnyttast optimalt, både økonomisk og miljømessig. Fra venstre: Jens Magnar Tveit frå Westcon og Ronny Rødsjøsæther, maskinist hos Eidesvik (Foto: Thomas Førde)

Sparar pengar og kuttar utslepp

Ved optimal bruk av det nye batterihybridsystemet, kan me spara rundt 15 prosent med drivstoff. Det vil tyda 700 færre tonn marin diesel i året. Samtidig blir klimaet spart for 2200 tonn CO2 og drivstoffrekninga blir kutta med 4 millionar kroner. På toppen sparar eigarane av skipet vedlikehaldsutgifter på motor og generator for inntil 700.000 kroner årleg.

Prosjektet om bord i Seven Viking er kostnadsrekna til 40 millionar kroner. Det statlege fondet, Enova, yter 40 prosent av kostnaden i støtte. Dermed kan prosjektet ifølgje Hjelland bli nedbetalt i løpet av fem år.

Konstruksjonsskipet skal frå 1. januar inn i ein femårskontrakt,som Subsea 7 har underteikna med Equinor. – Me vil oftast få oppgåver i Nordsjøen, mest på norsk sokkel, men også på britisk side, seier kaptein Våge.

I slike kontraktar mellom operatørselskap og offshorereiarlag er det vanleg at oppdragsgivar betalar drivstoffrekninga. – I dette tilfelle med utsikter til relativ rask nedbetaling av investeringa, var Equinor villig til å betala meir for innleige av vårt skip med moderne og grønt utstyr om bord, seier Hjelland.

Installasjon av kablar i det nye tavlerommet om bord i Seven Viking. Totalt er seks tonn med nye kablar installert i samband med dette elektrifiseringsprosjektet. (Foto: Eidesvik)

Batteri-bonanza

Hovudleverandør av batteripakke, omformarar, tavler, styringssystem er Westcon Power and Automation på Karmøy, eit dotterselskap i Westcon-gruppa. Utstyret blei sett saman ved deira verkstad på Husøy på Karmøy og frakta til verftet i Ølensvåg før installering om bord i Seven Viking.

Westcon på Karmøy har dessutan levert og installert utstyr for bruk av landstrøm til subseafartøyet. Westcon sitt dotterselskap opplever nå ein eventyrleg etterspurnad etter batteri-hybridsystem. Etter at installasjon og testing om bord i Seven Viking er avslutta, skal selskapet installera liknande batteri-hybridsystem om bord i tre forsyningsskip som høyrer til reiarlaget Solstad Offshore, Normand Fortune, Normand Supporter og Normand Server. Dessutan har Westcon Power and Automation  bestillingar på liknande utstyr til fleire heilelektriske ferjer og passasjerbåtar.