Betongskrog får ny vår i havvind – Kværner skal byggje 11
Thomas Førde
31. oktober 2019
Betongskrog får ny vår i havvind – Kværner skal byggje 11
Thomas Førde
31. oktober 2019

Når 11 betongskrog til flytande vindmøller skal byggjast hos Kværner på Stord blir kunnskap frå bygginga av dei store condeep-plattformene henta fram att.

Kværner som har vunne denne millardkontrakten med Equinor for bygging av vindmøller til Tampen-området, kan føra sine røter attende til Norwegian Contractors og bygging av betongunderstell til Statfjord-plattformene, installasjonar på Gullfaks og ikkje minst Troll A, verdas største menneskeskapte innretning som kunne flyttast.

Hausten 2020 startar den fysiske bygginga av dei 11 vindmølleskroga i tørrdokken til Kværner på Stord. Her skal dei byggjast opp til eit visst nivå før dei blir slepte til Dommersnes ved Ålfjorden. Her er det stor djupne i fjorden tett inn med land, slik at bygging av betongskroga gjennom glidestøyping kan halda fram til dei blir 80 meter djupe.

Ved anlegget på Dommersnes vart betongveggen til vern om Ekofisktanken bygd sist på 1980-talet.

Frå Dommersnes skal betongunderstella slepast til Gulen i Sogn kor turbinar, tårn og blad skal monterast før utslep til Tampen-feltet og installering der.

Kontrakten som Kværner er blitt tildelt inneheld ingeniørarbeid, innkjøp, bygging av betongflytarane. 250 av Kværner sine tilsette vil få arbeid med prosjektet. Men enda fleire vil bli involverte hos Kværner sine underleverandørar slik at om lag 800 årsverk vil gå med totalt.

Kontrakten til Kværner inneheld også ansvaret for dei marine operasjonane, prosjektleiing, samanstilling, sleping, installasjon og fortøying på feltet.

Ifølge ei pressemelding frå Kværner vil dei marine operasjonane bli gjennomførte av eit joint venture mellom Kværner og DOF Subsea. Prosjektet skal vera avslutta hausten 2022.