Gass frå Barentshavet kan bli transportert til Kårstø
Thomas Førde
13. januar 2020
Foto: Equinor
Gass frå Barentshavet kan bli transportert til Kårstø
Thomas Førde
13. januar 2020

I så fall må eit 1000 kilometer langt gassrøyr byggjast i havet frå Hammerfest til Norskehavet. I tillegg kjem eit nytt prosessanlegg på land.

Dette går fram av ein rapport som Gassco har hatt hovudansvaret for å laga og som blei overlevert til olje- og energiministeren mandag.

I følgje rapporten vil det vera samfunnsøkonomisk lønsamt å byggja ei ny gassrøyrleidning frå Barentshavet sør og fram til startpunktet for Åsgard Transport i Norskehavet. Vidare gjennom Åsgard-røyret kan gassen frå nord nå fram til Kårstø for prosessering og fraksjonering til ulike eksportprodukt.

Gassco har sett på bygging av ei røyrleidning som er 32 tommar i tverrsnitt og skal kunne transportera rikgass frå Melkøya ved Hammerfest og fram til eksisterande gasstransportsystem i Norskehavet. Sjølve røyret vil krevja ei investering på 12,5 milliardar kroner.

Fleirfase transport

Mest sannsynleg må det i tillegg byggjast eit gassprosesseringsanlegg på land som kan separera tørrgass frå våtgass. Eit enkelt landanlegg har i rapporten fått ein estimert kostnad på mellom 4,2 og 7,6 milliardar kroner, avhengig av kapasitet. Men dersom eit meir avansert gassbehandlingsanlegg (DPCU) på land i Finnmark må byggjast, vil det kosta mellom 15,4 og 23 milliardar kroner.

Gassco har også sett på mogelegheiter for å transportera gassen som rikgass i fleirfase i røyr frå Barentshavet. I eit slikt alternativ kan gassen koma frå eit enklare prosesseringsanlegg på land eller direkte frå plattformer i havet.

Men i dette tilfellet kan det bli trong for teknologikvalifisering, ettersom ein i dag ikkje har driftserfaring med fleirfasetransport over så lange avstandar.

– Men ei slik løysing vil kunne føra til monalege kostnadskutt og dette alternativet bør undersøkjast vidare, heiter det i Gassco-rapporten.

Nyhamna som alternativ

Som alternativ hamn til Kårstø for gassen frå Barentshavet, peikar Gassco i sin rapport på Nyhamna i Møre og Romsdal. Då kan gassrøyret bli 170 kilometer kortare og kan knytast på Polarled i nærleiken av Åsta Hansteen-feltet i Norskehavet. Polarled vil føra gassen i land i Nyhamna.

– Begge mottaksanlegga, Kårstø og Nyhamna, vil ha ledig kapasitet og ingen tekniske begrensingar er identifisert, heiter i Gassco-rapporten. I rapporten heiter det vidare hovudskilnaden mellom anlegga er væskegjenvinningsgraden.

Det tyder i klartekst at Kårstø har eit meir avansert prosesseringsanlegg som kan splitta våtgassen opp i fleire ulike salsprodukt slik at verdiskapinga kan aukast.

Utvida kapasitet for LNG-anlegg

I tillegg til bygging av nye gassrøyr med tilhøyrande landanlegg , går det fram av rapporten at utviding av det eksisterande LNG-anlegget på Melkøya ved Hammerfest og eventuelt bygging av eit nytt LNG-anlegg også er blitt vurdert.

Utviding av dagens anlegg med ny kapasitet på 7,5 millionar standardkubikkmeter gass per døgn vil kosta om lag 9 milliardar kroner medan bygging av eit nytt LNG-anlegg med kapasitet på 5  millionar kubikkmeter gass per døgn vil kosta om lag like mykje.

Samfunnsøkonomisk lønnsamt

Rapporten viser at fleire av gasstransportalternativa kan vera samfunnsøkonomisk lønnsame basert på dei ressursane som alt er påviste. Dersom ein inkluderar uoppdaga ressursar, vil også dei større og meir kostbare løysingane kunne bli lønnsame, heiter det i ei pressemelding frå Gassco.

–Det kan liggja store verdiar i å utvikla gassresursane frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv, seier toppsjefen i Gassco, Frode Leversund. Han legg til ifølgje ei pressemelding at utvikling av ny gassinfrastruktur i Barentshavet krev samhandling mellom aktørane i området.

Rapporten er laga i samarbeid mellom Gassco, Oljedirektoratet og mange industrielle aktørar.

–Auka transportkapasitet er viktig for å realisera verdien av den gassen som alt er funne, seier oljedirektør Ingrid Sølvberg i følgje pressemeldinga frå Gassco. Sølvberg seier vidare at ny infrastruktur også kan stimulera til meir leiting i Barentshavet sør.

Store uoppdaga ressursar

– Dei totale uoppdaga ressursane på norsk sokkel er venta å vera om lag 4 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar, heiter i rapporten. Meir enn 60 prosent av desse ressursane ligg i Barentshavet sør og nord. Nær halvparten av dei totale uoppdaga ressursane er venteleg gass. Her bidrar Barentshavet sør aleine med 37 prosent. Den største ressurstilveksten er difor venta å vera i Barentshavet.

– For ei optimal vidareutvikling av området, er komande avgjerder knytt til gassinfrastrukturen viktig med tanke på å leggja til rette for utvikling av gassfunn og oljefunn med assosiert gass, heiter det i rapporten.

I oppsummeringa i rapporten blir det elles understreka kor viktig det blir med samhandling på tvers av utvinningsløyve når det gjeld utvikling av ny gassinfrastruktur i og frå Barentshavet.

–Ingen funn er store nok aleine til å kunne forsvara investering i nye gasstransportløysingar.

I rapporten blir det også peika på at alternative investeringsmodellar med investorar som krev lågare avkasting på kapital, kan auka sjansen for realisering.