Gasseksport frå Kårstø for over 80 milliardar kroner
Thomas Førde
8. februar 2019
I fjor kom 633 tankskip til Kårstø for å henta flytande gassar og kondensat til ein verdi av meir enn 20 milliardar kroner. (Foto: Equinor)
Gasseksport frå Kårstø for over 80 milliardar kroner
Thomas Førde
8. februar 2019

Fjoråret gav rekordhøge inntekter for norsk gassindustri. Om lag ein tredel av desse eksportverdiane på meir enn 280 milliardar kroner, blei skipa ut gjennom røyr eller på skipskjøl frå Kårstø.

Gjennom dei store gassrøyrleidningane, Statpipe og Europipe II, blei det ut frå Kårstø i 2018 eksportert 28,3 milliardar standardkubikkmeter tørrgass, hovudsakeleg metan, til ein verdi av 61 milliardar kroner.

Men Kårstø er kanskje aller mest kjent som ei av Europas største utskipingshamner for våtgass. I fjor var 633 tankskip skip på Kårstø for å bli lasta med til saman 7,6 millionar tonn våtgassar eller kondensat, som er ei lettolje.

Kårstø er ei av Europas aller største hamner for utskiping av våtgass-produkt som etan, propan, butan og nafta. (Foto: Equinor)

Våtgassane er delte opp i ulike produkt som etan, propan, butan og nafta. I tillegg produserer anlegga på Kårstø konsendast eller lettolje som blir henta av dei aller største tankskipa som legg til kai i denne travle eksporthamna.

Full gass på Kårstø til 2025 og enda lenger…

2017 var eit toppår; aldri før har det blitt eksportert meir væskeprodukt frå Kårstø målt i volum.  Likevel har skipstrafikken på Kårstø auka med 15 anløp i 2018, målt i høve til året før.

– Kapasiteten ved gassprosessanlegget på Kårstø vil bli fullt utnytta i  minst seks år til, seier Frode Leversund, som er administrerande direktør i Gassco, operatørselskapet på Kårstø. (Foto: Øyvind Sætre, Gassco)

–Sjølv om det er eit stykke att til toppåret 2015 med 787 skipsanløp, har utskipinga av væskeprodukt med skip halde seg på eit jamt og høgt nivå i heile dette hundreåret, seier Frode Leversund.

Han er administrerande direktør i Gassco, det statlege selskapet som er operatør for gassprosessanlegget på Kårstø, kor Equinor er teknisk tenesteytar (TSP, technical service provider).

Leversund seier vidare at kapasiteten på Kårstø når det gjeld prosessering eller separering av rikgassen frå norsk sokkel til tørrgass og våtgass og vidare splitting av våtgass i ulike produkt, vil bli fullt utnytta i mange år framover.

– Med dei felta som me i dag veit skal transportera gass inn til Kårstø for prosessering, vil det vera full utnytting av Kårstø-anlegga fram til forbi 2025.  Etter den tid er det svært sannsynleg at fleire av dei store felta som leverer gass til Kårstø, får forlenga levetid og dermed høgare utvinningsgrad, seier toppsjefen i Gassco.

Han legg til at nye og mindre felt og nye brønnar vil truleg også bli knytt til eksisterande infrastruktur og dei eksisterande hovudtransportvegane for gass som fører inn til Kårstø.

Gass frå Johan Sverdrup til Kårstø

Tre hovudvegar for gass på norsk sokkel fører inn til prosessanlegget på Kårstø. Den eldste er  Statpipe som stod ferdig i 1985 og som tar med seg gass frå Statfjord, Snorre og Gullfaks og mange andre felt i Tampen-området i Nordsjøen. I året 2000 blei ei anna hovudtransportåre for gass, Åsgard Transport frå Norskehavet, teken i bruk. I tillegg tar Kårstø i mot lettolje frå Sleipner og Gudrun gjennom Sleipner-røyret.

Nye felt blir også knytt opp til gassprosessanlegget. Gassen frå Johan Sverdrup-feltet skal  i år ta til å strøyma inn til Kårstø via Statpipe-røyret.

Minkar med kondensat

Heilt sidan 1993 har det blitt skipa ut lettolje eller kondensat frå Kårstø, først frå Sleipner-feltet og frå og med 2014 både frå Sleipner og Gudrun. Likevel viser produksjonstala for Kårstø at utskipinga/eksporten av lettolje har minka i 2018 i høve til 2017.

– Slik det ser ut nå, har kondensatproduksjonen passert toppnivået, seier Frode Leversund, adm. dir. i Gassco. Han legg til at dersom ikkje nye felt kjem til, eller ein får meir ut av eksisterande felt, vil utskipinga av kondensat frå Kårstø bli mindre i åra som kjem.

Talet på skip som kjem til Kårstø for å henta flytande gassar og kondensat har halde seg jamt og høgt i mange år. (Illustrasjon: Gassco)

Kollsnes og Nyhamna

Gassco, som er operatør for prosessanlegget på Kårstø og for det aller meste av det 8800 kilometer lange gasstransportnettet på norsk sokkel og seks mottaksterminalar i Europa, har også operatøransvaret for gassprosessanlegga på Kollsnes i Hordaland og Nyhamna i Møre og Romsdal.

Kollsnes er det største anlegget for utskiping av tørrgass gjennom røyr, Kårstø kjem på andre plass og Nyhamna på tredje. Frå Kollsnes blei det i 2018 eksportert 48,9 milliardar standard kubikkmeter gass, frå Kårstø 28,3 og frå Nyhamna 15,7.

Kårstø er den klart største utskipingshamna for våtgass og kondensat med 7,6 millionar tonn i 2018.

Rekordhøge gassinntekter

I sum transporterte Gassco 114,2 milliardar kubikkmeter gass gjennom røyrsystemet frå Norge til Europa i 2018. Dette utgjorde ei mengde energi som  tilsvarar ni gonger norsk vasskraftproduksjon.

Ein milliard standardkubikkmeter tørrgass gjekk i følgje magasinet G21 utanom Gassco sitt operatørskap i 2018. I tillegg kjem også 6,5 milliardar standardkubikkmeter LNG, (flytande nedkjølt gass) som blei skipa ut frå Melkøya ved Hammerfest. Den totale mengda av eksportert tørrgass og LNG i fjor vart dermed 121,7 milliardar kubikkmeter.

Utvikling i prisen på norsk tørrgass til eksport. Eit stort prishopp i fjor til kroner 2,18 per standard kubikkmeter. (Kjelde: SSB)

Eksportverdien av all denne gassen nådde i fjor i følgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) det rekordhøge talet 263,8 milliardar kroner. Dette er ein auke i eksportinntektene med heile 30 prosent.

Legg ein til eksportverdien av prosessert gass, som blei til produkta propan, butan, etan og nafta aukar eksportverdien med 21,2 milliardar kroner.

Sjølv om eksportert mengde av tørrgass gjekk ned i 2018 gjekk prisane og dermed eksportverdien opp til rekordhøgt nivå. (Kjelde: SSB)

Rekordstor gasseksport i fire år til

Ifølge Oljedirektoratet vil volumet av norsk gassproduksjon halda seg på same høge nivået i fire år til framover.

Norsk eksport av tørrgass og LNG hadde i følgje SSB i 2018 om lag like stor verdi som eksporten av råolje, 263,8 milliardar kroner for gass og 264 milliardar for olje. Til saman utgjorde eksportverdien av norsk olje og gass 52,8 prosent av alle norske eksportinntekter.

Verdien av norsk gasseksport auka strekt i fjor og nådde eit rekordnivå. (Kjelde: SSB)