Har gjort Haugesund til eit senter for offshore skipsmekling
Thomas Førde
23. juli 2019
Har gjort Haugesund til eit senter for offshore skipsmekling
Thomas Førde
23. juli 2019

Eit av verdas største føretak innan mekling av oppdrag til offshoreserviceskip ligg i Haugesund og heiter Hagland Shipbrokers. I løpet av dei to siste åra har Haugesund-selskapet kjøpt seg inn i meklarføretak i tre land kring Nordsjøen og er nå etablert med avdelingar i Esbjerg, Hamburg og Aberdeen i tillegg til Haugesund.

Til saman 27 meklarar arbeider nå i Hagland Shipbrokers. 17 av desse er til dagleg opptekne med å formidla oppdrag til offshoreserviceflåten eller til aktiviteten kring havvindparkar. Selskapet har og ambisjonar om å vera leiande i subseamarknaden.

10 medlemmer av staben fordeler sin kompetanse på ulike felt som kjøp og sal av skip, på mekling av frakter og oppdrag til mindre tank- og bulkskip i nærskipsfart og til ymse oppdrag knytt til fiskeri og akvakultur.

Skipsmekling i offshoresegmentet er ei relativt lita og spesialisert grein innan maritim og offshoreretta serviceindustri. Dei aller fleste offshoremeklarføretak ligg rundt Nordsjøen, kor ein finn verdas einaste velfungerande spotmarknad for offshoreserviceskip.

To offshoremeklarføretak i Haugesund

Men Sildabyen har i fleire år hatt eit sterkt fagmiljø innan denne spesialiserte delen av skipsmekling. Svært få andre byar langs kysten utanom Oslo kan skilta med offshoremeklarføretak og enda færre kan visa til meir enn eitt slikt føretak.

Det tradisjonsrike shippingselskapet RG Hagland, eigd av familien Wendelbo Aanensen, starta med offshoreskipsmekling i Haugesund i oljeindustriens norske barndom tidleg på 1970-talet. For sju år sidan etablerte Oslo-baserte Uno Offshore ei offshoremeklaravdeling i Haugesund. Fire meklarar med til dels lang røynsle frå RG Hagland gjekk då over til den nyetablerte avdelinga til Uno Offshore.

Etter denne årelatinga av røynsle og fagkunnskap til Uno Offshore har RG Hagland bygd opp att sitt fagmiljø og tok for snautt to år sidan til å ekspandera rundt Nordsjøen. 

For små heime

Det starta som eit samarbeid med firmaet North Sea Shipbrokers i Esbjerg, som igjen hadde kjøpt eit meklarføretak i Hamburg og gjort dette til ein del av sitt selskap. Sidan kjøpte Hagland ein del av skipsmeklarføretaket F3O Offshore Services i Aberdeen.

– Me såg at me blei for små dersom me berre skulle ha fotfeste i Norge, seier Kenneth Rogne Johansen, som er leiar for Hagland Shipbrokers si offshore-avdeling i Haugesund. Han fortel vidare at hovudgrunnen til at dei starta samarbeidet med og seinare kjøpte North Sea Shipbrokers i Esbjerg, var å få eit bein inn i marknaden for skipsfart knytt til havvind.

– Meklarføretaket i Esbjerg hadde god dialog med kundar i fornybarmarknaden og hadde samtidig dugande meklarar. Dei har og lang røynsle med kjøp og sal av fiskebåtar og fiskekvotar, seier Johansen.

I Aberdeen tok dei inn i selskapet fire dugande meklarar som mellom anna er gode på fagfeltet subsea og i tillegg har røynsle frå fornybarfeltet innan skipsfart.

– Me ser eit stort vekstpotensiale i begge desse marknadane, seier Johansen.

I Hamburg starta Hagland verksemda med to meklararar som mellom anna hadde kunnskap og røynsle frå formidling av oppdrag innan supply og subsea og har i tillegg drive med formidling av oppdrag rundt langdistanse tauing av riggar. Nyleg blei staben i Hamburg auka frå to til fire meklarar og tillegg er ein marknadsanalytikar tilsett.

Kenneth Rogne Johansen er leiar for Hagland Shipbrokers sin offshore-avdeling i Haugesund og seier at dei er stolte over den ekspansjonen verksemda har fått til i løpet av snautt to år. (Foto: Hagland Shipbrokers)

Stolt over veksten

– Me er stolte over alt det me har fått til i løpet av relativt kort tid i andre land og andre marknader, seier Kenneth Johansen.

Men navet i dette hjulet som dekker Nordsjøen og enda vidare, ligg i Haugesund kor meklarane mellom anna har spesialisert seg på formidling av kontraktar og oppgåver til forsyningsskip (PSV) og til ankerhandteringsfartøy (AHTS). Men dei formidlar og oppdrag til taubåtar og til spesialskip som tilbyr tenester til olje- og gassindustrien sine undervassutbyggingar og vedlikehald av desse (subsea).

– Ved Haugesund kontoret arbeider det og spesialistar innan shipping retta mot oppdrettnæringa og spesialistar på nybyggingskontraktar i tillegg til kjøp og sal av ymse typar skip.

Vekst i Haugesund

Det familieeigde Hagland-konsernet har ekspandert i dei siste åra og har utvikla fleire greiner av verksemda. Dei har bygd sitt eige reiarlag innan tørrlast og med mindre bulkfartøy som mellom anna fraktar tømmer langs Norskekysten. Reiarlaget står for meir enn 80 prosent av omsetnaden i konsernet. I tillegg kjem skipsmekling mot offshorenæringa og skipsagentverksemd som klarerer skip som skal inn og ut av hamner. Hagland-gruppa driv og verksemd innan rekneskap og bedriftsøkonomisk rådgiving og eigedomsforvalting.

I tillegg til i Haugesund, finst det offshoremeklarføretak i Oslo med Clarkson Platou og Astrup Fearnley. I Kristiansand har Westshore Shipbrokers og Pareto kontor medan Seabrokers har hovudkontor i Stavanger med avdelingar i Aberdeen og i Rio de Janeiro. I Bergen held Grieg Shipbrokers til med eiga avdeling for offshoreserviceskip.