Hotell frå Stord set snart kursen for Brasil
Thomas Førde
26. september 2019
Bustadkvarteret til Peregrino C står klart på utskipingskaia hos Leirvik AS på Stord. (Foto: Thomas Førde)
Hotell frå Stord set snart kursen for Brasil
Thomas Førde
26. september 2019

I over to år har Leirvik AS arbeidd med bygging av hotellet til ei ny plattform på Peregrino-feltet utanfor kysten av Brasil. Siste halvdel av november startar hotellet den månadslange sjøreisa over Atlanterhavet.

Byggverket i seks høgder ruvar godt i landskapet der det nå står på kaia hos Leirvik AS. Dei siste installasjonar og klargjeringar blir gjennomført om bord. Datakablar får påført korrekt merkelapp, nokre detaljar på gangveiene får eit ekstra strøk med maling medan dei 60 lugarane med i alt 120 senger blir vaska og klargjorde.

Kjøkkenet blir testa denne dagen med ekte matlaging til lunsj for inviterte gjester. Byggherren Equinor er på besøk med representantar frå prosjektleiinga.

Under lunsjen i den flunkande nye kantina blir kunstverket av Geir Nymark avslørt, ei gåve frå Leirvik AS til alle som skal ha sitt daglege arbeid om bord i brønnhovudplattforma Peregrino C.

Kunstverket er naturleg nok malt på aluminiumsplater, det same materialet som hotellplattforma er laga av.

Dei siste strok med maling blir lagt på hotellplattforma. (Foto: Thomas Førde)

Lågare vekt med aluminium

– I utgangspunktet var det planlagt eit hotell i stål. Me er særs nøgde med at Equinor let seg overtyda om at hotell i aluminium er den beste løysinga på sikt, seier Leirvik AS sin prosjektleiar Kjell Arne Halleraker. Han viser til at aluminium vil tola godt det korrosive miljøet utanfor kysten av Brasil, samtidig som vedlikehaldet blir mindre omfattande enn på eit byggverk i stål. Leirvik AS vann fram i internasjonal konkurranse.

– Dessutan sparar ein vekt på plattforma, noko som i staden kan gi rom for installering av anna aktuelt utstyr, seier Halleraker.

Frå helikopterdekket er det framleis utsyn mot Leirvik sentrum på Stord om eit par månader vil utsynet bli havet på Brasils Peregrino-felt. (Foto: Thomas Førde)

Equinor sin prosjektdirektør for Peregrino fase 2-utbygginga, Svein Erik Falkeid, seier seg særs godt nøgd med produktet som Leirvik AS har levert. Falkeid viser til at ved juletider vil truleg alle dei store byggeklossane vera løfta på plass på feltet. Stålunderstellet kjem frå Nederland, medan dekkskonstruksjonen (topside) er produsert i Texas og boreanlegget i Grimstad og Kristiansand.

Hotellet frå Stord kjem til Peregrino-feltet om bord i eit tungløftskip frå det nederlandske reiarlaget Biglift.

Testing og samkøyring av alle anlegg om bord skal gjennomførast neste år fram til produksjonsstart som er planlagt mot slutten av 2020.

– Kjøkenet om bord er det ei stor glede å kunne arbeida i, seier Mike Reddington som fekk æra av å vera den første kokken til å ta det i bruk. (Foto: Thomas Førde)

Første hotell til utlandet

Leirvik AS er offshorehotellspesialisten framfor nokon og har levert bustadkvarter til olje og gassindustrien sidan 1975. Det siste store prosjektet som dei gjennomførte, før Peregrino-hotellet, var bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Dette var eit gigantprosjekt ettersom hotellet skulle ha 560 lugarar og eit golvareal på 14500 kvadratmeter. Til samanlikning har Brasil-hotellet 2656 kvadratmeter golvflate.

Peregrino-hotellet er likevel det første offshorehotellet i aluminium som blir levert frå Leirvik på Stord til utanlandsk farvatn. Administrerande direktør Helge Gjøsæter håpar at dette kan bli eit referanseprosjekt for både Leirvik AS og for norsk leverandørindustri i Brasil og elles i internasjonal olje- og gassindustri.

Byggekontrakten inneheldt ein totalpris på om lag 400 millionar kroner og gav på det meste arbeid til nær 300 personar hos Leirvik AS.

Sterke signalfargar på alle rekkverk er ein del av krava til installasjonar i brasiliansk farvatn, seier
prosjektingeniør Jarle Haugen i Leirvik Sveis. (Foto: Thomas Førde)

Sterke fargar

Prosjektingeniør Jarle Haugen viser rundt i hotellet kor uvanleg sterk fargebruk lyser imot oss. Alle rekkverk er malt i nærast signalgule farge. Andre konstruksjonar som signalmasta på toppen av byggverket har i tillegg blitt malt i sterk og tydeleg raud farge.

– Dette er i samsvar med brasilianske krav, seier Haugen, som viser til at i Brasil legg ein stort vinn på tryggleik ved bruk av sterke signalfargar og særs tydeleg skilting og merking av utgangar og av potensielt farlege område med apparat som kan medføra skade ved uvettig bruk.

Når det gjeld materialval og kvalitetar er standarden i hotellet om lag som i eit moderne bustadkvarter til norsk sokkel. Visse skilnader er det likevel lett å få auga på. Lugarane er romslegare enn til dømes i Johan Sverdrup-hotellet. Men så skal kvar lugar vera bustad for to personar samtidig, i køyesenger. Bad og toalett deler kvar lugar med nabolugaren slik at fire personar lyt tevla om plassen på badet om morgonen.

Ifølgje Equinors prosjektleiar, Halvor Asland. er dette truleg det finaste hotellet på brasiliansk sokkel.

Her er finst innhaldsrikt trimrom, velutstyrt sjukestove, salongar for avslapping etter måltid og særskilte rom for dataspeling.

Henriette Thorsen frå Teknisk Bureau festar merkelappar som skal identifisera dei ulike datakablane i koplingsskapet. (Foto: Thomas Førde)

Berre på portugisisk

– Ei stor omstilling for oss som skulle byggja var å venda oss bort frå Norsok-standard til den litt mindre klart definerte standarden som blir kalla Mexico-golf-standard, seier prosjektingeniør Jarle Haugen. Men han viser til at mange og detaljerte krav og reglar kjem frå brasilianske petroleumsstyresmakter.

– Det viste seg at regelverket me skulle følgja berre finst på portugisisk, seier Haugen, som fortel vidare at Leirvik AS difor laut knyta til seg eit firma som har spesialistar og autoriserte brasilianske ingeniørar. Desse kunne tolka og godkjenna at installasjonar og arbeid var i samsvar med brasiliansk standard, seier Haugen. Han legg til at i godt samarbeid med Equinor sitt prosjekt-team har dei funne løysingar på utfordringar som har meldt seg undervegs.

Nytt i dette prosjektet er også at Leirvik AS har vore sterkt representert saman med Equinor i organisasjonen som har gjennomført testing (commissioning) i sluttfasen.

– Dette har vore lærerikt og gitt oss erfaringar å byggja vidare på, seier prosjektingeniør Haugen.

– Lærdom og røynsler som me har gjort med bygging for Brasil sin olje- og gassindustri er verdfulle. Me håpar å kunne dra nytte av dette i fleire liknande prosjekt, seier administrerande direktør Helge Gjøsæter i Leirvik AS.

All skilting om bord er både på portugisisk og engelsk. (Foto: Thomas Førde)

Nye marknader

For tida har ikkje Leirvik nye store hotellprosjekt på beddingen, men dei leiger ut personell til naboverksemda Kværner på Stord, som er inne ein særs hektisk periode.

For Aibel i Haugesund skal Leirvik byggja delar til ein vassinjiseringsmodul som skal installerast Gudrun-plattforma.

– Me håpar dessutan å kunne hevda oss i konkurransen om bustadkvarter til framtidige FPSO’ar (floating production, storage and offloading), som det ser ut til å bli fleire av både i norsk og internasjonal olje- og gassindustri, seier Gjøsæter.

Stikkontaktar måtte kjøpast inn frå Brasil. (Foto: Thomas Førde)

Equinors største utanlands

Peregrino-feltet ligg ca. 85 kilometer utanfor kysten av Brasil på om lag 100 meters havdjup. Utbygginga av andre fase i dette området vil kosta omlag 3 milliardar dollar og vil deretter kunne auka oljeproduksjonen med 270 millionar fat. Produksjonen skal etter planen kunne starta mot slutten av 2020.

Equinor eig feltet saman med det kinesiske selskapet Sinochem. Equinor, som eig 60 prosent, har dessutan rolla som operatør. Peregrino-feltet, som i dag har ein produksjonskapasitet på 100 000 fat olje per døger, er det største feltet som Equinor opererer i utlandet. Konsesjonsperioden for partnarane på Peregrino-feltet varer fram til og med 2040.

Peregrino fase 2 er ei vidareutvikling av Peregrino-feltet i Campos-bassenget i Brasil og inneheld av ei ny brønnhovudplattform, Peregrino C, med boreanlegg og hotell, som vert knytta opp til eksisterande felt. Det skal borast 22 brønnar, 15 produksjonsbrønnar og 7 injektorar.