Rederiforbundet: – Me kan ikkje leva med dagens ekstreme ubalanse
Thomas Førde
15. februar 2019
Foto: Thomas Førde
Rederiforbundet: – Me kan ikkje leva med dagens ekstreme ubalanse
Thomas Førde
15. februar 2019

– Fleire offshorereiarlag og riggselskap lever på kanten av konkurs. Dette er svært underleg å sjå på medan operatørselskapa opplever betre dagar enn nokon gong tidlegare.

Det er administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund som nå ropar varsku om ubalansen i verdikjeda.

– Me har ei kjempestor utfordring i heile næringa. Olje- og gassnæringa opplever ein ekstrem ubalanse i verdikjeda, seier Solberg og held fram:

– Operatørselskapa tenar meir pengar enn nokosinne. Dette skjer mellom anna på grunn av kraftige kostnadskutt og sterkt reduserte fortenestemarginar hos leverandørbedriftene lenger nede i verdikjeda. Fleire offshorereiarlag og riggselskap lever på kanten av konkurs.

Sett frå deira ståstad blir det difor svært underleg å sjå på at operatørselskapa opplever betre dagar enn nokon gong.

– Ikkje berekraftig

Ifølge Solberg vil dette vera langt frå berekraftig på lengre sikt.

– Olje- og gassindustrien treng ein leverandørbedrifter som er solide nok til å kunne vera med på utvikling av ny teknologi og meir effektive og miljøvennlege løysingar og kunne setja desse ut i livet. Då treng leverandørindustrien akseptabel inntening og berekraftige vilkår.

Rederiforbundet etterlyser større grad av industriell langsiktigheit frå operatørselskapa si side, seier Solberg.

– Kva må gjerast?

– Det er marknaden som styrer dette. Men når aktiviteten på norsk sokkel stig og etterspurnaden etter leveransar aukar, må også prisane stiga til eit meir normalisert nivå. Me har høyrt åtvaringar både frå operatørselskapa og frå styresmaktene at med ny oppgang i aktiviteten på sokkelen, må ein unngå kostnadsvekst og ein ny priskarusell slik me hadde før 2014.

– Men prisane på våre tenester må opp når aktivitet og etterspurnad stig. Me må tilbake til eit normalt nivå, seier Solberg. Han legg til at den ubalansen i verdikjeda, som me nå opplever er ikkje til å leva med.

– Prisane på våre tenester må aukast til eit berekraftig nivå, som kan gi forsvarleg avkasting på investert kapital.

Bestilte båtar etter kontraktar

– Men er ikkje reiarlag og riggselskap skuld i denne ubalansen sjølve ved at altfor mange nye einingar blei tinga og bygde straks før oljeprisen raste nedover?

– Ein stor del av den nyaste og dyraste tonnasjen blei bygd etter at kontraktar var inngått med operatørselskap. Aktørar i vår næring svarte på bestillingar frå marknaden. Men mange skip og riggar som blei bygde til kontraktar, blei ledige når kontraktane gjekk ut. Fleirtalet av desse kontraktane er ikkje blitt fornya, seier toppsjefen i Norges Rederiforbund.

Om lag 100 offshorefartøy ligg framleis i opplag. Her ligg to av Solstad Offshore sine
forsyningsskip i opplag ved Husøy i Karmøy. (Foto: Thomas Førde)

Store kontrastar

Medan Equinor nyleg kunne leggja fram eit årsresultat på 153 milliardar kroner, selskapet sitt beste resultat på fleire år, er det truleg knapt noko offshorereiarlag som kan unngå raude tal i sine årsrekneskap som skal leggjast fram i dei næraste vekene.

I Maritimt Forum sin verdiskapingsrapport som blei lagt fram under Haugesundkonferansen nyleg, går det fram at om lag 100 offshorefartøy framleis ligg i opplag. Det gjer og 13 riggar.

Det går også fram av rapporten at leveransane til petroleumsindustrien frå den maritime næringa – som er samansett av reiarlag, riggselskapa, verft m.m.- fekk i 2018 halvert sin samla omsetnad samanlikna med toppåret 2014.

Rapporten som er laga av Menon Economics på oppdrag frå Maritimt Forum, viser også at 25 000 arbeidstakarar har forlete den maritime næringa sidan 2014.