Subseapartner sitt nye dykkarfartøy klart for Goliat
Thomas Førde
16. mai 2019
Foto: Subseapartner
Subseapartner sitt nye dykkarfartøy klart for Goliat
Thomas Førde
16. mai 2019

På Goliatfeltet skal Subseapartner gjera vedlikehald og inspeksjon av fortøyingane til den sylindriske stålplattforma.

I dette prosjektet vil hovudarbeidet bli gjort av dykkarar som arbeider ut frå ein flunkande ny arbeidsbåt. Det nye fartøyet blei nyleg sjøsett hos Marine Partner i Ålesund og skal om få dagar døypast i Haugesund, heimbyen til Subseapartner.

Fartøyet som ber namnet LDC Venturer, er det andre dykkarfartøyet i Subseapartner sin flåte.

Det nye fartøyet skal vera utrusta med det mest avanserte utstyret for luftdykking som finst i marknaden. Båten har to separate kontrollpultar kor spesialtrena mannskap sit på kvar sin pult og overvakar og assisterer dei to dykkarane som er på jobb under vatn.

Dagleg leiar i Subseapartner Tore Hafte Staalesen fortel at det alltid er to dykkarar nede samtidig, medan ein tredje dykkar sit klar på dekk i beredskap og er ikledd full utrustning.

Dykkarane jobbar i skift og er nede i korte arbeidsøkter om gongen, før eit nytt par av dykkarar går i vatnet og overtar.

– Totalt er 40 personar i ulike funksjonar knytt til slikt fartøy i løpet av eit arbeidsdøgn på feltet, seier Staalesen.

Tore Hafte Staalesen, dagleg leiar i Subseapartner, viser bilde frå selskapet sin førre
operasjon på Goliat-feltet. (Foto: Thomas Førde)

Luftdykking og vedlikehald

Nybygget er av same type som Subseapartner overtok for snautt to år sidan.

– Denne nye utgåva byggjer på røynsler me har gjort med det første fartøyet, LDC Trust. Nybygget er gjort lenger og meir stabilt, seier Staalesen. Mellom erfaringar selskapet har gjort er at dei som arbeider om bord på åtte timars skift, i eit så vidt lite fartøy, lir ofte av sjøsykja.

Dette har ein nå prøvd å retta opp med å installera eit gyrobasert stabiliseringssystem.

– Men fartøyet kan ikkje bli for stort, ettersom det skal vera relativt lite, lett og fleksibelt, seier Staalesen. Under ei typisk arbeidsoppgåve på Goliat-feltet for LDC Venturer, skal fartøyet liggja tett inntil plattforma, for der å kunne utføra inspeksjon, reparasjon og generelt vedlikehaldsarbeid. Til slike undervassoppdrag på relativt grunt vatn, krevst det luftdykking i motsetnad til metningsdykking, noko som må til på større djup. Men for å kunne gjennomføra metningsdykking er det nødvendig med langt meir ressursar og anna utstyr.

Nytt på det nye fartøyet er dessutan at videosignal skal gå direkte frå hjelmkamera hos dykkarane, via kabel (umbilical) til dykkarfartøyet og derifrå trådlaust til morfartøyet.

Dermed kan fagfolk vurdera videobilde samtidig som dykkarane arbeider under vatn.

Overnatting på morfartøy

Konseptet til Subseapartner går ut på at det lette og fleksible dykkarfartøyet kan liggja tett inntil olje- og gassinstallasjonar mens dykkarar arbeider i vatnet. Morfartøyet kan dermed halda seg lenger unna og treng heller ikkje vera så kostbart og avansert utrusta som konstruksjonsskip i DP-3 klassa. Mellom kvar åtte-timars arbeidsdag flyttar LDC-fartøyet seg mellom arbeidsstaden på havet og morfartøyet kor det blir heist opp eller ned, til eller frå dekket. Morfartøyet får såleis som hovudfunksjon å vera overnattingsstad.

Dykkarane som arbeider for Subseapartner er frilansarar og utfører oppdrag kring i heile verda. I følgje Staalesen er fleire av dei skandinavar, andre kjem frå Storbritannia og frå ymse europeiske land.

Vedlikehaldsarbeid og inspeksjon med hjelp av luftdykking er Subseapartner si
kjerneverksemd. (Foto: Subseapartner)

Treng fleire medarbeidarar

Subseapartner har nyleg teikna ein ny kontrakt med operatørselskapet Vår Energi for arbeid på Goliat-feltet.

– Dette er ein viktig milestolpe for oss, seier Stålesen, som viser til at tidlegare i eit liknande prosjekt på Goliat-feltet, var Subseapartner underleverandør til subseaselskapet Deepocean, som igjen var leverandør til operatørselskapet.

– Direkte kontrakt med operatørselskapet er ei anerkjenning av oss og vårt selskap. Me er dermed komne i ny posisjon, seier dagleg leiar.

Nå har Subseapartner 18 tilsette og tar sikte på å tilsetja fire eller seks nye medarbeidarar i løpet av året. Med aukande oppdragsmengd har dei lyst ut nye stillingar i ymse funksjonar, innan operasjon, drift og administrasjon. Dei vil dessutan tilsetja fleire ingeniørar for at dei så tidleg som råd kan bli med i prosjektorganisasjonar saman med kundane.

Frå kontrollrommet om bord i dykkarfartøyet kor to dykkarleiarar alltid er på vakt under
arbeid i havet. (Foto: Subseapartner)

Fleire oppgåver og nye lokale

Nyleg flytta selskapet inn i ledige lokale i Aibels moderne kontorbygg på Risøy i Haugesund.

– Me strekkjer oss etter kvalitet i alle ledd. Her får me resepsjon som er bemanna, tilgangskontroll, kantine og inspirerande miljø i eit bygg som hyser fleire firma innan olje- og gasservice og maritime næringar, seier Staalesen.

Luftdykking og bruk av LDC-fartøy er kjernen i verksemda og vil hovudsakleg skje i Nordsjøen og på norsk sokkel. Dykking nær land skjer frå Subseapartner sitt fartøy Risøy. For tida er fartøyet i bruk ved Kalstø på vestsida av Karmøy, kor gassrøyret Statpipe kjem i land. Her gjer Subseapartner vedlikehald for Gassco og Equinor på betongtunnelen som dekker gassrøyret i strandsona.

Dykkarfartøyet LDC Trust i aksjon, fortøya like ved Goliat-plattforma i Barentshavet. (Foto:
Subseapartner)

Vil utanlands

Men Subseapartner har også ambisjonar om å skaffa seg oppdrag utanlands. Eit salskontor er i ferd med å bli oppretta i Thailand.

– Me ser mogelegheiter både innan olje- og gass og innan havvind i Søraust Asia, seier Staalesen. Han legg til at i dette området vil luftdykking skje ut frå ei særskilt korg, Hydro nr. 3, som selskapet har utvikla. Korga blir heist ned i vatnet frå ei morfartøy.

På britisk side av Nordsjøen vil dei og satsa, i første omgang gjennom eit salskontor i Aberdeen. Her skal Subseapartner marknadsføra eit nytt konsept, som dei håpar skal bli eit særs godt og mindre ressurskrevjande alternativ til metningsdykking.

Selskapet si historie

Subseapartner si historie går tilbake til 1993 då Riise Underwater Engineering (RUE) blei etablert i Haugesund. Selskapet kjøpte dykkerfartøyet MS Risøy og har utført mange ulike dykkeoperasjonar langs Norskekysten. Oljetømming av skipsvrak har vore eit av spesialområda. I 2010 ble RUE ein del av Fugro-gruppa og fekk røynsle frå dykkeaktivitetar både i Europa og i Afrika. I januar 2014 kjøpte SubseaPartner dykkarverksemda frå Fugro RUE, inkludert alt operasjonelt utstyr, og overtok samtidig ein rammeavtale med dåverande Statoil, nå Equinor.