Petro.no logo
Annonse
Publisert for over 7 år siden|Rigg, boring og subsea

West Hercules borar Gjøkåsen for Equinor

Pressemelding
Publisert: 05.12.2018 08:00

Oljedirektoratet har gitt Equinor boreløyve for brønn 7132/2-1, som skal borast frå West Hercules etter avslutting av avgrensingsbrønn 7122/7-7 S for Eni Norge i utvinningsløyve 229.

Boreprogrammet for brønn 7132/2-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 857. Prospektet heiter Gjøkåsen.

Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA (20 prosent), Lundin Norway AS (20 prosent) og Petoro (20 prosent).